Oppsummert: Eg skildrer tankestraumen for kvifor eg synes me som anarkistar burde nytta ordet gjerdsel i staden for stat.
Hei, eg driver å lager nye ord for å endra på korleis me tenkjer kring det eine og det andre. Og så lurte eg på om kva du tenkjer om nokre av desse som utforsker innrammingen "stat".
Tilsyn av innrammingen stat
Staten er ein innramming som kjem frå latin og tyder tilstand. Stat er difor eit ulada ord på den måten at den ikkje har sterk synstyring bak seg. Dette vanleggjer og gildgjer staten og sørgjer for ein bregning av statar i røyndå. Med andre ord, det sørgjer for å gjera staten usexy og keisamt sånn at det kan bli daglegdags.
Men me som anarkistar liker ikkje staten. Me synes ikkje at staten er gildt, men det å nytta dette ordet er å fremma staten som det daglegdagse. Av denne grunn burde me nytta lukeklammar kring innrammingen [stat].
Det me som anarkistar bør gjera er å nytta ei anna innramming som stiller seg spottandes til staten. For eit overflatisk døme kan me peika til regime som kjem frå latin, og tyder det som styrer. Ufrisken med regime er med anna at dets bilete er vagt. Det er mange som styrer i [staten], men det peiker berre til [statleg] styring.
For gode ord peiker til gjennomtenkte biletar. Biletar som får oss til å sjå samsvar med noko som oppfører seg tilsvarandes.
Av denne grunn, må me skjøna kva me legger i ein innramming. Eg skal skildra kva eg legg i peiket [stat].
Ein [stat] er noko som i alle fall har territorium, eit leiarskap, styrke som verner om territoriumet og det som livnærer [staten].
Tilsyn av innrammingen territorium
Eg meiner at kampen mot territorium er ein viktig del a motstandskampen. Ingen leiarskap kan handla på våre vegne. Berre oss sjølv kan det.
Territorium kjem frå latin og tyder landplass. Dette er vagt og skaper ikkje dei rette biletane. Det er difor eit lukeord.
Eg ser på [territorium] som eit område som er overstyrt, der dei styrandes ikkje gilder oversteg. Å ha styring kan synstyras med gjerdet. Det som er innenfor gjerdet er det som er ditt. Gjerdet har noko fiendtleg ved det. Det synstyrer til grådigdom i staden for deling. Dette er eit bilete me kan nytta vidare.
Frå dette kan me lysa vekk innrammingen territorium.
inngjerding : Eit område som nokon erklærer som sitt eiga.
No kan me nytta denne nye innrammingen for å lysa vekk gjerdsel.
Innrammingen fengsel kjem frå leddet "fange", og me leggjer til leddet "sel". Dette skaper ein røyndleg bregning som er laga for å handtera fangar. Me kan nytta den same leddknyttingen for å knyta saman "gjerde" og "sel" som skaper gjerdsel. Ein røyndleg bregning som er laga for å handtera inngjerdingen.
gjerdsel : Noko som har inngjerding, eit leiarskap, styrke som verner om inngjerdingen og det som livnærer gjerdselet.
Har gjerne lyst på høyra dine meiningar om denne tilrådingen.