Skip to main content


Det seier litt om kor dårleg propaganda fungerer. I 2003 greidde Bush sin krigspropaganda å piske opp stemninga så mykje at over halvparten av folket i USA støtta krigen. Løgnane var minst like idiotiske den gongen som no. Det er ikkje like lett å lure amerikanarar til å støtte krig lenger.

Amerikanske aviser og politikarar har drive propaganda for krig med Iran så lenge eg kan hugse. I valkampen i 2008 var det nærmast konkurranse mellom dei republikanske kandidatane om kven som ville bombe Iran først etter ein eventuell valsiger, for eksempel. Interessant nok kom den mest prinsippfaste motstanden frå senator Ron Paul, som sjølv var republikanar.

No er det altså Trump som får æra av å levere varene for våpenindustrien og Israel. Det stadfestar det mange av oss har sagt heile vegen: pratet om Trump som ein slags "fredskandidat" har vore bløff heile vegen. Om det ikkje vart openbert i den førre perioden hans, bør det snart bli openbert sjølv for støttespelarane hans.

Det her kunne ha vore eit godt høve for Demokratane, dei som på papiret skal vera "opposisjonspartiet" i Kongressen, til å styrke seg på uvilja mot krigen. Mange av dei har vore tydelege på at Trump sin krig er både ulovleg, umoralsk og steindum. Veljarane er likevel ikkje dummare enn at dei veit at Demokratane også lenge har vore med på leiken, og har røysta både for auka løyvingar til militærvesenet, fullmakter til Det kvite huset, og så bortetter. Når det kjem til utanrikspolitikk har dei to partia i USA meir eller mindre fungert som to fraksjonar i eit einskapleg Krigsparti.

No er krigen i gang og øydelegginga er enorme. Israel har fått krigen dei har sikla etter i nærmare 20 år. No seier amerikanarane at dei har tre mål med krigen: å øydelegge Iran sine missilar; å øydelegge Iran sin marine, og å hindre at Iran får atomvåpen.

Merk at regimeskifte ikkje står på lista. Dei som ønsker (og trur?) at krigen her kjem til å gjera Iran til eit fredeleg og demokratisk samfunn, bør vera budd på å bli skuffa. Som vanleg ligg det ingen langsiktig plan eller strategi til grunn for den amerikanske krigføringa.

Krigen mot Irak i 2003 førte til hundretusenar av drepne; ein stat som aldri meir kjem til å henge saman og fungere, og ei enorm auke i terror, vald og ekstremisme. I 2003 hadde Irak knapt 25 millionar innbyggarar, og var svekka monaleg av økonomisk krigføring og bombing over fleire år. Iran har derimot 90 millionar innbyggarar og er væpna til tennene for nettopp å kjempe ein krig som det her.

#norsktut #iran #trump #internasjonalpolitikk

reshared this