USA tapte Iran-krigen.
Det verkar openbert no at Iran går sigrande ut av krigen mot USA og Israel. Dei greidde å halde stand, viste at dei kan ramme alle USA sine allierte i regionen direkte, sjølv om USA skal ha "øydelagt militæret" deira, og dessutan at dei har full kontroll over Hormuz, også under ein krig mot den mektigaste militærmakta i historia. Med andre ord: krigen gjekk akkurat som ein har advart om i 20 år.
Nederlaget til USA heng dels saman med inkompetanse hos Epstein-regimet som styrer i Det kvite huset. Donald Trump kan ingenting om verda, og Petter Hegseth er på mentalt nivå med ein prepubertal 12-åring. Sånne folk er openbert ikkje spesielt gode til å styre over anna enn sin eigen frukost.
Det ligg likevel noko djupare bak. Avtalen som vart signert, spegler også den nye røyndomen i verda. USA har ikkje lenger ressursar til å trygge og kontrollere heile imperiet sitt. Ein er nøydd til å omprioritere og avgrense den imperiale strategien. Det såg ein i Korea; det ser ein i Ukraina og Europa, og no ser vi det også i Midtausten. Det her er ein supermakt som ikkje lenger har same potens som før.
Fordelen med Donald Trump er at han likevel presenterer kvart eit nederlag som ein siger. Og tilhengarane i sekta hans trur faktisk på det, i alle fall delvis. Det er viktig for å hindre at enno meir rabiate galningar vinn fram med krav om nye like spinnville krigar som den vi har sett.
Vi veit at Israel-lobbyen i USA kjem til å klikke i vinkel no. Dei vil ikkje gi seg før heile Midtausten er gjort til trælar under israelsk-amerikansk diktat, noko avtalen klart syner at USA ikkje er i stand til å oppnå. Spørsmålet er om Trump greier å forsvare avtalen mot den kommande offensiven frå Israel-lobbyen, eller om dei får ein ny krig på bestilling.
#iran #norsktut #Internasjonalpolitikk #irankrigen #trump #amerikanskpolitikk #israel
reshared this