Skip to main content


Vi treng ikkje å romantisere Biden


Forrige gang Trump vart president, var det mange som såg nostalgisk tilbake på tida med Obama. Det er fort gjort å sjå bakover når samtida blir mørkare. Det treng ikkje å vera feil heller. Noko blir faktisk verre.

Eg reknar med vi kjem til å sjå mykje av det same med Biden-administrasjonen. Det kan eg nok finne på å gjera sjølv også - ikkje minst når det kjem til miljøspørsmål, økonomisk politikk og arbeidsliv. Der er det openbert at Trump er mykje verre.

Men kva med utanrikspolitikk? Der er det fort å gløyme kor ille Biden-administrasjonen har vore. Joe Biden har vore garantisten og sponsoren bak Israel sine grusame brotsverk på Gaza. Det seier jo sitt at det først er no, når Biden går av, at det vart mogleg med ei moderat våpenkvile.

Det er eigentleg litt rart. Tidleg på 1970-talet, da Biden var ny i Senatet, var han ein skarp kritikar av Ford-administrasjonen si aggressive utanrikspolitikk, mellom anna i Angola. Etter kvart skifta han syn, og vart ein varm tilhengar av alt som kunne minne om krig, enten det var Israel sin invasjon av Libanon i 1982, eller USA sin invasjon av Irak i 2003.

Utanrikspolitisk har Biden-administrasjonen vore ein katastrofe for både USA og verda. Det er fælt å tenke på at Trump-administrasjonen sannsynlegvis blir minst like ille.