Skip to main content


God artikkel av Matt Huber. Det finst ingen anna kraft i samfunnet enn arbeidarklassen som har evne til å få gjennom ein omstilling av økonomien frå fossil til fornybar energi.

Spørsmålet er: korleis skal ein byggje støtte til det hos arbeidarklassen?

Svaret hans er å tone ned klimaperspektivet i politisk agitasjon utad. Han viser til at venstresida mistar arbeidarar når fokus ligg på klima, men gjer det sterkt når ein ikkje gjer det, som hos Mamdani i New York.

Despite making his way as a “proud ecosocialist” and fierce activist for public power, Zohran barely mentioned climate change in his 2025 campaign, deciding instead to voice a “laser focus” on cost-of-living concerns.

Eg kjenner ikkje til Mamdani sin politikk så godt, og veit ikkje kor mykje grøn politikk han har fått gjennom. Men eg veit at han står for billegare og betre kollektivtilbud for folk.

I utgangspunktet synst eg det her høyrast fornuftig ut. Det er ikkje mykje poeng å ha rett, om ein ikkje også greier å rett. Samstundes er eg skeptisk til å "gøyme" unna politikken sin i møte med veljarar. Eg er også redd for at ein sånn strategi vil føre til at ein også sjølv gløymer analysane sine, og at det over tid gjer at ein også tilpassar innhaldet i politikken, og ikkje berre agitasjonen sin.

Kva tenker dokker?

#norsktut #miljøpolitikk #klima

reshared this