Skip to main content


2026 - alternativ til tekoligarkane


Årets ord i 2025 vart "tekoligark".

I grunngjevinga si skreiv leiaren i Norsk språkråd at:

"En oligark er en søkkrik person med mye makt. En tekoligark eier teknologiselskaper som har nærmest total kontroll over den digitale teknologien og dermed stor innflytelse over hele verden. "

Kven er tekoligarkane? Det er typisk leiarene i dei største teknologiselskapa som Microsoft, Google (Alfabet), Meta, Apple og liknande.

Dei aller fleste av oss nyttar tenestene deira kvar bidige dag. Mange av dei er dessuten sokalla "gratis", som for eksempel Facebook, Instageam, Google, Snapchat og liknande. Når ein openbert dyr teneste er "gratis" bør det ringe ei bjelle. Det typiske er da at vi som kundar ikkje eigentleg er kundar, men heller sjølve vara. Dei digitale spora og persondataen vi legg att, er hovudkjelda til dei enorme rikdomane til tekoligarkane.

Det er jo eit politisk spørsmål om ein synst det her er uproblematisk eller ikkje. Trump-administrasjonen har for eksempel som ei av hovudoppgåvene sine å fjerne det lille som finst av restriksjonar på kva tek-selskapa har lov til å gjera. Maga-rørsla har altså ikkje eit problem med at nokre få enkeltpersonar blir styrtrike ved å kontrollere den digitale verda.

Heldigvis er dei fleste nordmenn ikkje heilt sånn. Mange er djupt kritiske til utviklinga dei siste åra. Men kva er det mogleg å gjera med det?

Det er sjølvsagt mogleg å kople seg fullstendig ut frå internett, men for dei fleste er det heilt uaktuelt. Eg har gjennom 2025 derfor prøvd å finne nokre alternativ til dei største tenestene mange av oss brukar meir eller mindre kvar dag.

1) Signal (alternativ til Messenger)

Meta, som eig Messenger, har vore forbløffande ærleg på at alt du sender og skriv i Messenger eigentleg ikkje tilhøyrer deg og mottakaren. Ved fleire høve har Messenger blitt utmerka som den dårlegaste chattetenesta med omsyn til personvern. Whattsapp, som også er eigd av Meta, er minst like ille.

Eg har derfor landa på Signal. Appen er utvikla av eit non-profit-selskap, og er kjent for både å vera brukarvennleg, påliteleg, og sterke på personvern. Det her er på alle vis eit mykje betre alternativ til Messenger.

2) Mastodon (alternativ til Twitter/X)

Eg har aldri vore særleg begeistra for Twitter, men etter at Elon Musk kjøpte det, har det degenerert til kanskje den verste suppa på heile internett. Store delar av innhaldet der er robotar, falske profilar, og i aukande grad KI-generert piss.

Mange synst Bluesky, som på mange måtar skulle vera slik Twitter pleidde å vera, er eit godt alternativ. Eg er dels einig, men problemet er mykje det same: eit kommersielt selskap må tene pengar, og kan når som helst bli kjøpt opp av ein ny gærning. Hittil har Bluesky vore fint, men dei grunnleggjande utfordringane med kommersielle sosiale medium er der framleis.

Mitt forslag er derfor Mastodon. Det her er ein plattform som minner om Twitter, men som skil seg ut på fleire punkt. For det første er han ikkje-kommersiell. Det er ingen som tener pengar på Mastodon. For det andre er han desentralisert: det tyder at det er ingen som eigentleg "eig" heile Mastodon - berre dei einskilde servarane. Det tyder altså på at om ein del av Mastodon blir styrt på ein måte ein ikkje liker, er det ingenting i vegrn for å bytte til ein annan server, eller eventuelt lage ein sjølv. Dessutan er Mastodon ikkje styrt av algoritmar, så feeden din er i utgangspunktet kronologisk - slik Facebook også pleidde å vera ein gong.

3) Pixelfed (alternativ til Instagram)
Instagram pleide å vera ein plattform kor folk delte bilete med folk. I dag er det først og fremst ein stad for "doom scrolling" kor ein blir sitjande i timesvis og sjå på meininglause korte videoar, som i aukande grad er KI-genererte. Alt er styrt etter algoritmar, så ein blir mata med ting algoritmen trur du vil like, slik at du skal kaste bort mest mogleg tid.

Pixelfed er eit forsøk på å byggje noko som minnar om kva Instagram pleide å vera. Akkurat som Mastodon, er Pixelfed ikkje-kommersielt og desentralisert. Også her kan ein altså velje mellom ulike servarar. Det som dessutan er artig, er at ein kan "følgje" folk på Pixelfed frå Mastodon, og motsett. Sånne funksjonar pleier dei kommersielle plattformene å hindre så godt dei kan. Ein skal vera mest mogleg "låst".

4) Mozilla Firefox (alternativt til Google Chrome)

Mange av oss kjenner Mozilla Firefox som "den andre" nettlesaren frå da vi vaks opp. Det vi truleg ikkje visste var at han var bygd på open programvare. Folka bak Firefox har alltid vore opptekne av personvern og prinsippet om eit opent internett. Det motsette av Google, altså. Det er ingen problem å bytte.

5) Ecosia (alternativ til google som søkemotor)

Det har vore kjent lenge kor korrupte Google er når det gjeld kva som blir prioritert i søkemotoren. Eg synst søkemotoren Ecosia er eit godt alternativ. Dei er likare på personvern enn Google, og søkeresultata er så å seie like gode. Men det kulaste er at Ecosia, som er eit europeisk selskap, nyttar mykje av overskotet sitt til å plante tre rundt om i verda. Eg har prøvd å setja meg litt inn i kva dei har fått til, og det ser faktisk ganske bra ut.

(Om ein tenker på personvern framfor noko, er nok Duckduckgo eit anna godt alternativ som søkemotor).

Det finst fleire andre gode tenester der ute. Eg har prøvd å finne gode alternativ til Amazon sin Goodreads (for bøker), men er ikkje like imponert av alternativa der (Bookwyrm). Eg har også prøvd Friendica som alternativ til Facebook, men det er lite brukarvennleg, og ser dessutan ut som noko frå 2006. Peertube og Loops skal vera greie alternativ til Youtube og Tiktok, men eg har ikkje sjekka dei ut noko særleg enno.

Om du orka å lese heile teksten her, håper eg at du vil prøve å gi dei små alternativa ein sjanse. Med Donald Trump i førarsetet trur eg ikkje vi skal leggje til grunn at politikarane vil gjera stort for å avgrense tekoligarkane si makt, i alle fall. Det må ein visst gjera sjølv.

#norsktut #allheimen #tekoligark #2026

http://[img=https//social.babb.no/photo/17079371346955533365c18793255152-0.png%5D%5B/img%5D

Ivar Espås Vangen reshared this.