Skip to main content


Fem gode bøker eg las i 2025


Som bokår har 2025 vore prega av at eg i haust byrja som doktorgradsstipendiat på NTNU. Mange av bøkene eg har lese handlar derfor om temaet mitt, psykiatrihistorie.

Heldigvis har eg prøvd å finne tid også til andre slag litteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa. I tilrådingane mine forn2025 har eg prøve å finne rom for heile mangfaldet eg har vore gjennom.

1) Niels Fredrik Dahl - Fars Rygg

Det her var ganske enkelt ei så gripande og sår historie om bandet mellom fedre og søner, at det var umogleg å ikkje inkludere ho på lista. Handlinga i boka er i og for seg ganske udramatisk, men likevel synest ho å vera spekka med skjelsetjande augeblikk for hovudkarakteren, som gjennom oppveksta ved fleire høve blir overlaten til seg sjølv. Det her er romankunst på høgt nivå!

2) Ketil Raknes - Hvit makt

Eg synst Ketil Raknes er ein glimrande forfattar av bøker om politisk historie. Boka her handlar om korleis USA si historie heile vegen har vore ei tautrekking om kva landet skal vera; ein kvit etnostat, eller eit mangfaldig fleirkulturelt samfunn. Slik har det vore heilt sidan 1700-talet. MAGA-rørsla blir overtydande skildra som den logiske fortsettinga av den rasistiske reaksjonen på valet av Obama i 2008, innføringa av borgarrettar på 60-talet, og opphevinga av slaveriet på 1860-talet. Eg synst Raknes si analyse er meir treffsikker enn mange av dei som forklarer Trump først og fremst som eit uttrykk for den kvite arbeidarklassen sin klagesong.

3) Andrev Walden - Jævla menn

Det er ein kunst å kombinere humor og alvor i skjønnlitteratur. Andre Walden gir oss ei god oppvising i korleis det kan gjerast. "Jævla menn" er ei historie om ein ung gut som veks opp med ei mor som har ei vane med å finne seg ganske ubrukelege mannfolk, som ho dreg med inn i heimen. Nokre gonger er det skikkeleg artig. Andre gonger er det ganske mørkt. Det er mange ytterpunkt i boka.

4) Tor Bjørklund - Norske partier og deres velgere

Det var stortingsval i år, og fleire av resultata var ganske oppsuktsvekkande. Framstegspartiet, Raudt og MdG gjorde til dømes sine best val nokonsinne. I det offentlege ordskiftet har ein dessutan vore oppteken av kva slags veljarar som røystar på dei ulike partia. "Unge konservative menn" har vore studieobjektet framfor nokon. I boka her får ein eit grundig innblikk i den norske valforskinga. Her trur absolutt alle kan lære noko nytt.

5) Randi Rosenqvist - Mitt liv, mitt fag-: tung psykiatri

Truleg den viktigaste boka skrive om norsk psykiatri dei siste åra. Rosenqvist er ein av dei absolutte autoritetane på feltet. Boka her gir lesaren ei enkel innføring i endringane i psykiatrien dei siste tiåra, og korleis den har slått ut for dei sjukaste pasientane. I praksis har det vore ei systematisk nedbygging av tilbodet, uansett kva politisk farge styresmaktene har smykka seg med. Boka her bør vera obligatorisk om ein skal diskutere psykiatri i 2026.

Ivar Espås Vangen reshared this.