TV-spel eg gler meg til i 2026
Det kan sjå ut som at seinhausten/vinteren 2026-2027 nærmast er skreddarsydd for meg når det kjem til dataspel. Det blir ikkje enkelt å kombinere det her med sosialt liv og arbeid.
Her kjem ei kronologisk rekkjefølgje:
1) - World of Warcraft - Forever
4. November kjem ei ny utgåve av det verdskjente World of Warcraft. Så vidt eg har forstått, dreier det her seg om å gi ut ein ny utgåve av originalspelet, men med nokre endringar som både skal gjera det meir balansert, enklare å komme inn i for nye spelarar, og dessutan at det skal vera mogleg å hoppe inn og ut av spelet, utan at alt har springe frå deg der inne.
Eg vart aldri nokon proff i WoW. Eg var med i 2006/2007, og nådde aldri det originale maksnivået på lvl 60. Likevel har eg gode minner frå spelet, og på sitt beste var det sjukt sosialt. Dei som har sett Ibelin-filmen veit kva det handlar om.
Lite tyder på at eg blir profesjonell denne gongen heller, men det vil bli artig å prøve. Om ikkje anna blir det eit godt høve til å ta opp kontakten med folk eg spelte saman med for 20 år sidan.
2) The Legend of Zelda: Ocarina of Time (remake)
I 1998 kom det som ofte blir rekna som eit av dei beste spela i historia, nemleg det originale The Legend of Zelda: Ocarina of Time. Dette var første gong serien kom med full 3D-grafikk, og var elles kjenneteikna av spennande historie, musikk ein aldri kjem til å gløyme, og krevjande tempel og sjefskampar.
5. november kjem altså ein remake av spelet til Switch 2.. Eg ser at nokon syt over grafikken vi har vorte presentert for allereie, men eg synst det ser skikkeleg lekkert ut. Det her blir enormt.
3) Grand Theft Auto VI
I likskap med mange andre, var eg alt for ung da eg vart introdusert til serien her, men syntest det var dritkult frå første augeblikk. Det var nok GTA 2. Sidan gjekk spelserien over til 3D, og stadig vorte meir og meir seriøs og omfattande. Kvar større utgjeving i serien har gitt oss nye hakeslepp, både når det kjem til råskap, grafikk, og ekte speleglede.
GTA VI har vore under utvikling lenge. Forgjengaren kom faktisk i 2013, og sel framleis godt. Alt tyder likevel på at seksaren kjem til å bli heilt sjukt. Det blir spennande å sjå korleis utviklaren Rockstar greier å ta tempen på eit USA som ser grunnleggjande annleis ut enn det gjorde i 2013. Eg har trua.
Spelet kjem til PS5 og Xbox series X den 19. november.
4) - Stage Tour
Eg har lagt ned enormt mange timar i rytmespel. Eg fekk det første Guitar Hero-spelet i 2006, og sidan har eg spelt meir eller mindre kvar einaste utgåve, både av Guitar Hero og Rock Band.
Det som skjedde med seriane der, var at marknaden rett og slett vart metta. Dei pumpa ut nye spel (med varierande kvalitet) med så korte intervallar, at folk ganske enkelt gjekk lei og slutta å kjøpe dei. Magien døydde.
No har det gått ganske mange år sidan førre runde, og mange av utviklarane bak det originale Guitar Hero har no gått saman om å byrje på nytt. Stage Tour vil vera opent for å spele med fullt band, eller med eit avgrensa utval av instrument, om ein ikkje vil investere fleire tusen kroner. Det skal altså vera artig både solo og med vennar. Den førebelse spelelista ser også veldig godt ut, og med internett ser eg ingen grunn til at det ikkje skal vera mogleg å inkludere fleire låtar etter kvart.
#norsktut #TV-spel #zelda #gta #wowforever #stagetour #norskgaming
Ivar Espås Vangen reshared this.