Skip to main content


Råd til framstilling av røyndleg synstyrande stoff


I denne teksten ser me på korleis me kan laga røyndleg synstyrande stoff. Synstyring er når me gjennom blikkfang prøver å endra åtferd. Røyndleg synstyrande stoff kjem typisk i form av klistremerkar på lyktestolpar eller brosjyrar og bittebøkar som deles ut i gatane.

Me ynkjer å muntra opp til å laga stoff. På denne måten leggjer me til rette for folkevekt bak våre røynslar. Sånne tak er røynsledyrkandes. Difor bør me gjera stoffet enkelt å laga for alle. Me bør gå vekk frå at stoff skal sjå profft ut, men heller allmennt.

Spør deg sjølv: Skaper dette stoffet ein kjensle av at kven som helst kunne ha brukt det samme oppsettet? Kjenner folk seg styrka i å laga eiga stoff, eller ser det profft ut?

Tekststoff
I ein tekst, ikkje tenk så mykje på oppsett, men heller på om innhaldet fremmer hovudbudskapet. Lag noko kort heller enn langt.

Ein bittebok er eit A4 ark som er brettet til A5 ark sånn at me får 4 sidar. Det er innhald på kvar side. Ein bittebok er ofte nok for å få fram eit budskap. Bittebøkar er lette å laga og muntrer oss opp til å skapa meir stoff. Bittebøkar er difor røynsledyrkandes.

Av og til er det vanskeleg å avgjera om me er på rett spor eller ikkje. Då er det lurt å spørja dei rundt oss om tilsyn. Kan alle skjøna seg på innhaldet og budskapet? Viss ikkje, prøv å skriva om. 

Printing
Når me printer ut ein bittebok, trenger me å printa ut to sidar på eit ark. Først printer me side 1 og 4, så snur me arket og printer side 2 og 3.