Skip to main content


Det er ikkje berre Senterpartiet og vi veljarar som kjenner oss sinte og lyge til når Støre-regjeringa no foreslår å fjerne avskrivinga av studielånfor mange av oss som bur i småkommunar. Kjensla finst også hos Arbeidarpartiet sine eigne ordførarar rundt i landet. Berre høyr frå Ap-ordførar Håvard Handeland i Sauda kommune her:

"– Det har mer eller mindre vært hovedtema på stand. Jeg er en ung kar selv, og er opptatt av å overbevise unge menn om å stemme på venstresiden. For å få til det så må vi stå opp mot Spetalen, og dette er en ordning der folk har sett at regnskapet er bedre med venstresiden, for de har studielån, ikke formuesskatt."

Ja, her har regjeringa dolka sine eigne i ryggen. Ein må kjenne seg passe dum når ein driv valkamp for ein sak, også oppdager ein når eins eige parti vinn valet, at leiarskapen allereie i august hadde bestemt seg for å kaste heile ordninga.

Sitatet her oppsummerer fint;

"– Dette er useriøst. Når man lyver på stand, da taper man velgere."

Så enkelt kan ein seie det.
Ap-ordførere slakter Stoltenberg: – Løgn!