Bløff frå redaktøren i Universitetsavisa
Universitetsavisa køyrer for tida ein kampanje mot professor Bassam Hussein, etter fråsegna hans om at åtaket 7. oktober 2023 er "det vakreste som har skjedd i dette århundre".
Ein kan gjerne vera kritisk til utsegnet. Eg reagerer derimot på denne delen av innlegget redaktøren har skrive:
I likhet med konspirasjonsteoretikere til alle tider og alle steder synes han å mene at medier som begår en journalistikk han ikke liker har en skjult agenda. I dette tilfelle løper vi sionistenes ærend. Eller skal vi si jødenes? For det er jo slik blant «hard core» palestinaaktivister, at ordet «sionist» fungerer som en hundefløyte for «jøde.»
Det her er ikkje riktig. Palestinakomiteen i Noreg må vera ein av organisasjonane som er tydelegast på nettopp skilnaden mellom jødar og sionistar. Det der er også linja til "hard core palestinaaktivistar" som jødiske Jewish Voice for Peace.
Det her er kva Palestinakomiteen skriv i prinsipprogrammet sitt:
Palestinakomiteen er motstandar av all undertrykking og diskriminering. Det er viktig
å skilje mellom sionisme og jødedommen. Sionismen er en rasistisk ideologi, som
meiner at Israel skal vere ein eksklusiv stat for jødar, mens antisemittisme er
forfølging av jødar. Derfor er det ei viktig oppgåve for Palestinakomiteen i Noreg å
kjempe mot antisemittisme.
Det er i hovudsak tre grupper som pleier å tilsløre skiljet mellom sionistar og jødar:
1) Nynazistar (openbert)
2) Islamistar (litt varierande)
3) Sionistane sjølve (heller ikkje her gjeld det for alle)
Palestina-aktivistar er jamnt over veldig tydelege på at ein IKKJE skal stå til ansvar for staten Israel som jøde, akkurat som at muslimar ikkje skal stå til ansvar for bandittregime som Saudi-Arabia og Iran. Det er fullt mogleg å vera sionist utan å vera jøde, og motsett. Dei fleste sionistar i verda er ikkje jødiske.
Eg skal ikkje svare for Hussein, men å skulde media for å vera "styrt av sionister" er først og fremst ei skulding av at media ofte er pro-israelske i dekninga si. Det treng ein openbert ikkje å vera jøde for å gjera, og det veit nok Oksholen veldig godt.
#universitetsavisa #palestina #norsktut #sionisme #bassamhussein #ntnu
Går man hardt ut, må man tåle hard motstand. Verre er det ikke.
Ja, Bassam Hussein har både vanlig ytringsfrihet, og akademisk ytringsfrihet, til å si det han har sagt. Nei, mediene er ikke styrt av sionister.Tore Oksholen (universitetsavisa)
reshared this