(fullstendig oppdikta)
Janne løper og faller.
Tårane kjem fram og eg nærmer meg for å hjelpa til.
Me drar opp buksen og ser det raude koma fram.
"Me går og finner plaster til deg" seier eg.
Me går inn og eg finner plaster og saks.
Me klipper opp eit stort plaster.
"No kan såret lækja seg, Janne" seier eg med oppmuntrandes stemme.
Me kjem ut igjen og der står Erlend og skunder seg å spørja om me kan leka politi og tjuv.
"Nei, det kan eg ikkje, eg har ikkje lyst", seier eg roleg og slår meg ned på ein benk saman med Janne.
"Men kan me leka politi og tjuv etterpå?"
Janne legger seg inntil meg sånn at eg kan ta armen rundt skulderen hennar.
"Nei, eg har ikkje energien til det", og skunder meg å omlysa "men eg trur at Jarle har lyst til å bli med på den leken."
"Men kvifor er Janne lei seg?" undrast Erlend.
"Ho slo seg, og byrja å blø." seier eg, "og så fekk ho plaster."
"Åh, kan eg få sjå plasteret?" spør Erlend nyfikent.
Janne framleis nedfor, lyfta opp buksen sånn at plasteret bler synleg.
"Oi, det var stort plaster."
"Ja tøffe Janne vettu" seier eg mens eg vrir meg på ein litt tullete måte "ho løpte så vidunderleg raskt at bakken falt under ho."
Janne er roleg under min arm.
"Hæ?" andletet til Erlend blei til eit spørsmålsteikn, "bakken kan ikkje falla."
"Denne bakken gjorde det" og så skunda eg å leggja til "men me får i alle fall ynkja deg god lækjing, Janne.
Og så er me naudd for å seie stopp til bakken."
Min rake arm viser bakken handflaten min og eg seier tydeleg,
"Stopp bakken, stopp!"
"Du kan ikkje få Janne til å snubla sånn."
Eit lite smil lirka seg fram frå Jannes munn.