social.babb.no

Bregnar

Tenk deg ei bregna. Ei planta som står på ein stilk. Med hundre armar som strekkes ut i kvar retning oppover langs stilken. Kvar arm kilde til hundre nye armar.

Det er lett å sjå føre seg bregnå som eit uendeleg skap.

Bregnå er eit arr for uendelege skapar.

Bregnar kan koma i form av glør som bjørken eller brokkolien. Det kan óg koma i form av kroppsdelar som lungen og hjernen. Det kan koma i form av infrastrukturar som kloakken og vegnettet. Det kan koma i form av det matematiske innrammingen fraktal som mandelbrot eller Barnsley bregnå. Bregnå kan koma i form av landskap som kystlinjå eller skapet til bølgar på havet. Bregnå kan koma i form av rammeverk som anarkismen eller feminismen.

Bregnå er altså svært allsidig.

Ofte kan me sjå at fleire bregnar flettes saman til ein heilskap. I mannskroppen har me bregnane lungar, hjertet, hjernen, huden og skjelettet som flettes med kvarandre til ein heilskap. Kvar av desse styrker heilskapen, ofte på livsberandes vis. Desse kaller me for flettebregnar.

Ei flettebrenga kan koma i form av organar, infrastrukturar og kapitlar i ein fagbok.

Når eit rom er ryddig, kan me seie at det ser bregneleg ut. Dersom folket i eit samfunn lever i fred med kvarandre, kan me seie at det er bregna i samfunnet.

Bregnå er nemleg eit arr på korleis me menn kan skapa vekt i samfunnet. Det er viktig å skjøna at vekt ikkje tyder at samfunnet er rettferdig, men heller at folk veit kva dei skal kunne rekna med. Eit bregna samfunn kan til dømes godta kjempig makthamstring. Eit samfunn blir først ubregna når vekten går vekk, og at det er uklart om kva folk skal kunne rekna med.

#allheimen

1 1