Reisa mot botnen går med ofseleg fart. Norske elevar har aldri vore dårlegare til å lesa enn no, skal vi tru den siste PISA-målinga.
Berre høyr her:
I 2015 låg 12 prosent av elevane på høgaste nivå i lesing. I 2025 var det berre 5 prosent.
I 2015 låg 15 prosent av elevane på det lågaste nivået. No er talet 34 prosent.
TRETTIFIRE PROSENT av elevane i eit av dei rikaste landa i verda kan knapt lese!
På det nest lågaste nivået har vi 24 prosent i dag. I 2015 var det 20 prosent. Dette er minimumsnivået ein treng for å fungere greitt i arbeidsliv og utdanning.
Tala for matematikk og naturfag er tilsvarande dårlege.
Til regjeringa sitt forsvar er ikkje det her eit særnorsk fenomen, men noko ein ser i dei fleste rike land.
Det her er alvorleg. Med utviklinga her risikerer vi å få ein heil generasjon funksjonelle analfabetar etter fullført grunnskoleutdanning
.
Det er mykje ein kan seie om stoda i norsk skole her, men problemet stikk openbert langt djupare.
#skolepolitikk #pisa #norskpolitikk #norsktut #utdanning #lesing #lesekrisa
Nordtun om Pisa-tall: – Dette er svært alvorlige resultater
Pisa-undersøkelsen 2025 viser en betydelig tilbakegang for norske tiendeklassinger i lesing og regning.Paal Wergeland (NRK)
Ivar Espås Vangen reshared this.