Statsbudsjettet og studielån
Omsett til norsk: Ap-regjeringa vil fjerne ordninga for sletting av studielån (25 000 kr i året) for halvparten av distriktskommunane som fekk nytte av ordninga da ho vart innført for knapt eitt år sidan. Dei foreslår dessutan å gjera ordninga litt dårlegare for mange av kommunane som framleis skal få nytte av ho.
Det her er Arbeidarpartiet når dei får styre aleine utan eit parti med distriktsprofil. Eg har aldri vore Senterpartimann, men her ser ein faktisk litt av skilnaden på dei to partia. Det var visst heilt utenkeleg for Arbeidarpartiet at folk i distrikts-Norge skulle få glede av ei framifrå ordning i meir enn eitt år. Det her er eit tydeleg signal om prioritering frå Støre-regjeringa i alle fall.
Det er ikkje tapt enno. Arbeidarpartiet har ikkje fleirtal aleine. Det er openbert at dei har lagt inn nok av "feller" i forslaget, slik at partia dei truleg må samarbeide med må bruke opp den politiske kapitalen sin på å drive brannsløkking framfor at dei får gjennom sine eigne politiske prosjekt.
Eg reknar med mange i distrikta som røysta på Arbeidarpartiet er skuffa over forslaget til statsbudsjett. Det er det grunn til å vera. La statsbudsjettsforslaget her vera ei påminning om at Arbeidarpartiet ikkje er noko distriktsparti, og heller aldri kjem til å bli det.
Vil innføre ny ordning for sletting av studielån
Regjeringa vil bruke 437 millionar kroner til ei ny gjeldsletteordning for dei 88 minst sentrale distriktskommunane, og til å doble satsen for gjeldsslette i Finnmark og Nord-Troms.Regjeringa.no
Ivar Espås Vangen reshared this.