Om Iran og Israel
På fredag gjekk israelske fly og dronar til åtak mot ein rekke mål i Iran, både militære og sivile mål knytta til kjernefysiske installasjonar. Grunngjevinga deira var at Iran skulle ha komme "nær" å kunne utvikle atomvåpen. Iran har sjølvsagt svara med å sende missilar mot Israel. Dødstala stig time for time.
Åtaket til Israel er openbert eit klart brot på FN-pakten. Det er ikkje lov å gå til militære åtak mot land fordi dei kanskje og reint teoretisk kan utgjera ein trugsel i framtida. Med ein sånn logikk vil både Iran, og eigentleg dei fleste land i Midtausten, ha rett til å angripe både Israel og USA kvar einaste dag. Det er nettopp sånne hendingar folkeretten er til for å hindre.
Hadde Israel vore ein normal stat, hadde dei kalt inn til eit møte i Tryggingsrådet i FN. Det har trass alt vore mogleg å inngå i diplomati med Iran tidlegare. Til trass for at USA ikkje fulgte opp sin del av "atomavtalen" frå 2015 før Trump sa han opp i 2018, tyda alt på at Iran fulgte opp sine pliktar nærmast til punkt og prikke. Det hevda til og med USA sine eigne etterretningstenester. Den same etterretninga er dessutan klare på at det ikkje finst prov på at Iran jobbar for å skaffe atomvåpen i dag.
Men har ikkje Israel likevel eit poeng? Vil det vera bra om Iran får atomvåpen? Openbert ikkje. Ikkje-spredningsavtalen (1970) forpliktar faktisk alle statar som har atomvåpen å jobbe "i god tru" med tiltak for å fremme global kjernefysisk nedrusting. I Midtausten har det sidan 1970-talet vore fleire forsøk på å opprette ein atomvåpenfri sone i heile regionen. Forslaget har i første rekke vore støtta av arabiske land som Egypt, men har også fått støtte av Iran. Det er jo slett ikkje rart: ingen av landa i Midtausten har nokon interesse av eit kjernefysisk våpenkappløp.
Korfor har det ikkje blitt noko av, da? Heilt enkelt: fordi det vil tyde at USA må opne for internasjonal inspisering (og nedrusting) av Israel sine atomvåpen. Det er openbert heilt uaktuelt. Midtausten skal berre ha ein atomvåpenstat, slik Washington ser det. The New York Times skreiv faktisk ein leiarartikkel om det for nokre når sidan, kor dei tok til orde for ein slik sone, men at den sjølvsagt måtte vera avgrensa til Persiabukta, og ikkje heile Midtausten. Israel sine atomvåpen måtte trass alt vera "non-negotiable". Det oppsummerer eigentleg også politikken i Det kvite huset, berre at den offisielle linja der er at Israel sine atomvåpen "eigentleg" ikkje finst.
Kva med konvensjonelle våpen? Iran ligg på 34. plass i verda når det kjem til militært forbruk. Israel ligg som nummer 12.
Det er klarare og klarare at målet for Israel er å dra med USA inn i ein krig med Iran. Da vil det siste reelle hinderet for at Israel kan gjera akkurat som det passar seg, vera borte. Irak og Syria er øydelagt for all tenkeleg framtid, og dei fleste oljediktaturane har lagt seg på rygg for lenge sidan. Om Iran knekk saman, vil den lille avskrekkinga palestinarane har hatt å stille opp med mot israelske brotsverk vera borte.
Og det er vel heile poenget. Irans største brotsverk har sidan 1979 vore at dei ikkje let seg diktere og kontrollere. Det er grunnen til at USA og Israel har null problem med islamistiske bandittregime som Saudi-Arabia, men samstundes meine at Iran er ondskapen sjølv.
Tidlegare er det Iran som har greid å de-eskalere når Israel har leika med ilden. Det kan skje no også. Eventuelt kan det vera at Donald Trump legg til grunn at USA har meir å tene på diplomati enn på Israel sine våte draumar. Det har også skjedd før.
Spørsmålet er kor lenge europeiske land skal halde fram med å la Israel halde heile verda som gissel på måten her.
reshared this