Skip to main content


Femårig lærarutdanning - akademisk og kostbart jåleri


I 2017 vart det innført obligatorisk femårig utdanning for alle som skal bli lærarar i Noreg, uavhengig av om ein skal jobbe i grunnskole eller vidaregåande. Det var Erna Solberg si regjering som dreiv gjennom reformen.

Endringa fekk utruleg nok støtte av Utdanningsforbundet, det største skoleforbundet. Mi fagforeining, Skolenes Landsforbund, var derimot kritiske, og omtalte det heile som "akademisk jåleri".

No har det vorte gjennomført ei evaluering. Her er det nokre interessante funn:

1) Ein tredel av lærarstudentane meiner masteroppgåva ikkje var nyttig for arbeidet dei utdanna seg til.

2) Hos lærarane som hadde vore i jobb i eitt år var situasjonen enno verre. Heile 50 prosent meinte at dei i liten eller ingen grad nytta innsiktene frå arbeidet med masteroppgåva i arbeidet sitt.

Elise Djupedal, som er ei av dei flinkaste skoleforskarane i Noreg, skriv dessutan om korleis masterkravet har vorte eit pengesluk for offentleg sektor. Høyr her:

Økt utdanning fører ikke bare til økt kompetanse. Det øker også lønningene i skolen. Ifølge lønnstabellen for lærere (KS) er differansen mellom en nyutdanna adjunkt og en lektor 66 000 kroner per år. Differansen øker med økt ansiennitet. Adjunktene har vært den største lærergruppen i skolen, men lektorene er i ferd med å ta over. Antall lektorer i skolen er nær doblet de siste fem årene

I tillegg ser vi eit dramatisk fall i kor mange som søker seg inn på lærarutdanning over heile landet. Det er jo ikkje rart - korfor velje eit yrke kor utdanninga har vorte lengre, men vilkåra er dei same som før?

Eg meiner det her peikar mot at kravet om masterutdanning er fullstendig mislykka. Det kostar enormt mykje, og det ein får igjen er heller diskuterbart. Stortinget bør verkeleg gjera det mogleg å bli lærar igjen, utan å vera nøydd til å ta mastergrad.

#norskpolitikk #skole #lærarutdanning #masterkrav

reshared this