Skip to main content


Trump og Grønland


Amerikanske presidentar er gjerne einige om dei store linjene i utanrikspolitikken. Likevel kan blikket og prioriteringane vera noko annleis. Når det gjeld Trump kan ein sjå ei meir snever definering av kva som er dei amerikanske kjerneinteressane.

Utspelet om å kjøpe eller nytte makt for å "ta" Grønland har skapt store overskrifter i Noreg og andre land. Det her ein ganske klar demonstrasjon av meir sjåvinistisk aleinegang, ikkje minst mot såkalla "allierte". Her er det verdt å merke seg kva Henry Kissinger, tidlegare amerikansk utanriksminister, slo fast: USA har ikkje venner - berre interessar.

I Noreg har mesteparten av kommentariatet latt seg forferde av fråsegnene. Eit unntak er Ola Borten Moe, som i Klassekampen slo fast at det er Danmark si eigen skuld at Grønland no kjem i spel. Han samanliknar Grønland med Bergen og Trondheim, og skriv at det ville ha vore ein dårleg idé å gi sjølvstyre til dei to byane. Underforstått: det var ein dårleg idé å "gi" sjølvstyre til Grønland.

Det Borten Moe ikkje forstår, er at folket på Grønland primært er inuittar, med eit språk og kultur som ligg fjernt frå dansk. Det var først på 1950-talet at Grønland ikkje lenger skulle ha status som formell "koloni" under København, sjølv om det framleis var klart at Danmark skulle vera sjefen. Mykje av dei verste overgrepa, mellom anna tvangs-innsetting av spiral på grønlandske kvinner skjedde for eksempel etter at kolonistatusen vart oppheva. Det same gjeld bortføringa av grønlandske ungar.

Med eit sånt bakteppe er det kanskje ikkje så rart at stemninga på Grønland i ei årrekke har vore positiv til sjølvstyre. I val etter val er det nettopp sjølvstyrepartia som har gjort det sterkast. Meir og meir av den danske overstyringa har vorte avvikla, og no er det snart berre tryggleikspolitikken som står att.

Eg meiner det er djupt problematisk å slå fast at "Grønland er dansk", slik EU-kommisjonen har gjort. Korfor skal det vera det? Det her blir som dei som i 1945 insisterte på at India "er britisk", og at "Indonesia er nederlandsk", og liknande. Det grunnleggjande folkerettslege og demokratiske utgangspunktet må vera at det er folket sjølv som skal avgjere kva dei vil med landet sitt. Og "folket" her er altså ikkje regjeringa i København, men innbyggjarane på Grønland.

Kva med USA? Det mange har gløymt, er at Grønland de facto har fungert som US-amerikansk protektorat heilt sidan 1941. Da signerte Danmark sin ambassadør i USA ein avtale med den amerikanske utanriksministeren Cordell Hull, som gav USA rett til å etablere seg militært på øya. Danmark har aldri hatt kontroll over USA si militære verksemd på Grønland. Aldri.

Likevel har USA vore greit nøgde med Danmark sin kontroll over Grønland. Som Nato-medlem har amerikanarane vore trygge på at russarane (og andre) ikkje vil kunne etablere seg der. Det her har endra seg no dei siste åra. Kinesarane har hatt fleire framstøt kor dei har prøvd å etablere seg økonomisk på øya, men har stort sett blitt bloikkert av Danmark. Når det her skjer på same tid som at riksfellesskapet med Danmark knakar i samanføyningane, og det dessutan er oppdaga viktige sjeldne mineralar på øya, er det ikkje rart at Washington vil komma kinesarane i forkjøpet. Dei vil ikkje risikere eit sjølvstendig Grønland kor Beijing sit med pengesekken.

Ola Borten Moe er på bærtur når han meiner Danmark har gjort "feil" i å gi grønlendarane meir sjølvstyre. EU-kommisjonen tek feil når dei ropar at "Grønland er dansk". Og amerikanarane tek feil når dei ser på Grønland som eit slags bytte i ein skitten jaktkonkurranse.

Det må vera grønlendarane sjølv som bestemmer kva som skal skje med Grønland. Dèt bør vera innstillinga vår.

reshared this