Skip to main content


EU eller raudgrønt samarbeid?


Den langsiktige trenden på norsk venstreside har lenge vore prega av fragmentering. I 2005 gjekk AP, SV og SP saman inn i eit historisk raudgrønt samarbeid. Sjølv om partia var ueinige om mykje, greidde dei likevel å få på plass eit regjeringssamarbeid som stod seg i åtte år.

Sidan har det skjedd mykje. For det første vart SV nesten utradert, før det etter kvart har bygd seg opp att. Dessutan har Raudt komme inn på Stortinget, og har dermed styrka den sosialistiske (og EU-kritiske) opposisjonen frå venstre. Ap sjølv har gått frå å vera det suverent største partiet i Noreg, til i beste fall vera det største partiet på venstresida.

I tillegg har motsetnadane vorte vanskelegare å handtere. I 2021 vart SV skvist ut av forhandlingane på Hurdal, av eit Senterparti som ikkje kunne styre med SV sin miljøpolitikk. Ikkje så rart, med tanke på at Senterpartiet i tida før valet hadde gjort det til ein merkesak å leike kulturkrig om miljøspørsmål med MDG. Frå første stund vart altså Støre-regjeringa ein svekka sentrum/venstre-regjering med grå profil.

Med SV rydda av vegen, vart det enklare for AP å utmanøvrere SP i straumpolitikken. Dei siste åra hadde SP trass alt byrja på ein snuoperasjon, bort frå trua på Noreg som "Europas grønne batteri", og over til å støtte demokratisk nasjonal kontroll over energi. Ap derimot, har halde fram med støtte både til ACER og marknadsstyrt pris på straum. Utan SV i regjering, har det vore ei umogleg oppgåve for Sp å vinne drakampen mot det EU-vennlege leiarskapet i Ap.

Konsekvensen kom altså i går. Ap har insistert på å trumfe gjennom viktige sider av EUs fjerde energimarknadspakke, sjølv om Sp nærmast trygla om å få det utsatt til etter neste val. Ap har vore heilt medvite på at det her er ei knallraud linje å krysse for Sp. Kort fortalt: Ap valte lojalitet til EU, framfor å berge siste rest av raudgrønt einskap.

Kva er problemet med EUs fjerde energimarknadspakke?

1) For det første vil pakken tyde at det blir ulovleg for Noreg å gripe direkte inn i prisane. I fjerde elmarknadsdirektiv, artikkel 5 kjem det klart fram. Det vil altså vera forbode for Noreg å innføre ein nasjonal makspris, slik fleire stortingsparti, og store delar av folket ønskar.

2) Energimarknadspakken grip inn i korleis dei såkalla "flaskehalsinntektene" blir brukt. Meir skal gå til bygging av nye kablar - mindre til å redusere nettleiga.

3) Vi vil bli tvunge til å innføre kortare tidsfristar ved behandling av konsesjonar for bygging av vindkraft på land. Målet er å hindre for eksempel at folkeleg organisering og protestar skal øydelegge for investorar og utbyggarar. Også den kommunale vetoretten heng i ein tynn tråd om ikkje noko endrast i utkasta som ligg på bordet. Folkestyret skal altså bli innskrenka mest mogleg.

4) Det skal bli vanskelegare å regulere krafteksporten. Målet om 70 % kapasitet på utanlandstilkoplinga blir juridisk bindande. Folkestyret skal altså ikkje leggje seg opp i eksporten.

Min påstand er at energimarknadspakka BÅDE er dårleg miljøpolitikk, OG eit openbert åtak mot grunnleggjande demokratiske prinsipp.

reshared this

in reply to Syphilia Morgenstierne

@Syphilia takk! Det ser litt dumt ut når eg booster frå Friendica, men sånn er det viast. Nokre gonger treng ein litt meir plass for å skrive!
in reply to Syphilia Morgenstierne

@Syphilia Neida, men eg skulle gjerne sett at den i det minste hadde eit bilete, og kanskje litt ingress. Jaja, sånn er det!