Facebook og Instagrem er eigd av Meta, og er kjend for å misbruka sin makt over brukrane. Dei gøymer vekk Palestina innhald, dei fremmer avhengnadsdyrknad, styrer oss til å bli sinte og åleine, og har mattisskap med det amerikanske gjerdselet.
Har du lyst å koma deg vekk frå Facebook og Instagram?
Då må me først skjøna kvifor Meta er ufriskt, sånn at me på ein opplyst måte kan styra oss til eit friskt verdsvev.
Inngjerda og kjerna
På Facebook, knyttes alle brukarane opp mot Facebook. Om du ynkjer å senda ein melding til nokon på Facebook, er du naudd for å vera på Facebook. Dei har gjerda oss inn til deira bregning. Det er ein inngjerda framgangsmåte. Facebook gjer dette fordi dei ikkje ynkjer at nokon skal koma seg vekk frå Facebook og at dei kan få inn så mykje reklame pengar som mogleg. Det at Meta er inngjerda, gjer dei til eit gjerdsel.
Grepskroppar (korporasjonar) har omfamna gjerdsel framgangsmåten, og dette har dyrka fram eit gjerdselvelde på verdsveven. Brukrane blir tvungne til å underbregna seg nokre få og mektige gjerdselar som styrer uten tanke på vår glød. Det at det berre er nokre få som styrer verdsveven, kalles for kjerning.
Denne kjerningen og inngjerdingen hindrer alle utenom dei kjempestore frå å ta eigarskap over verdsveven, og sørgjer for maktsamling på verdsveven.
Allheimen
Tenk deg eit verdsvev der du kan snakka med folk som er på andre vevplassar. Viss du skjøner dette, så veit du kva allheimen er. Ein sjonglør frå bygdå fribygda.no, kan snakka med ein dansar på samenet.social. Når ein bygd leggjer til rette for at sine bygdingar kan snakka med bygdingar utenfor, kalles denne bygden for samsnakkandes.
Det at desse bygdane leggjer til rette for samsnakking gjer at ein bygd ikkje trenger bygdingar for at plassen skal kjennest livleg ut.
Allheimen går difor vekk frå eit kjerne verdsvev mot eit meir spreidd og friskare verdsvev.
Kvar bygd har nokre reglar. Brudd av desse kan vera grunnlaget for å kasta ut ein bygding eller brudd med ein annen bygd. Desse reglane kan koma i form av at ein ikkje skal driva med søppelpost, ikkje vera fasist, eller ikkje vera ein sionist.
Det er til dømes mogleg å starta si eiga sosiale media bygd for 6$ (60 kronar) i måneden på masto.host.
Ellers finnes det mange andre norske bygdar som:
- snabelen.no
- babb.no
- social.babb.no
- tutoteket.no
- oslo.town
- kjas.no
- hub.volse.no
- i1.no
- mastodon.nu
- uldegrova.com
Om du er usikker på kva du vil velga, så kan du prøva deg på snabelen.no som er eit meir breidt samfunn.
Allheim dyrknad
Det er vanskeleg å talfesta kor mange som er på den norske allheimen, men tidlegare er det anslått å vera kring 1000 aktive på dei ulike bygdane.
På allheimen er desse taleknaggane vanlege: #allheimen, #boktut og #ballheimen.
Her er nokre dømar på allheim bygdingar: fribygda.no/@vegafjord, tutoteket.no/@forteller
Engelske allheimen
På engelsk heiter allheimen "fediverse".
Dersom du er på jakt etter engelsk talandes bygdar, så er det berre å gjesta joinmastodon.org.