"Finlandisering" av Ukraina - Trump-planen i praksis
Den sokalla "Trump-planen" er eit betre utgangspunkt for fred enn det tilhengarane av vidare krig skal ha det til. Utkastet går til kjernen i kva konflikten har handla om sett frå Russland si side, nemleg utvidingane av Nato sidan 1990-talet. I så måte minner situasjonen veldig om den Finland stod i etter den andre verdskrigen, da det sovjetiske vilkåret for finsk sjølvstende var militær nøytralitet. Finland vurderte at vilkåra var betre enn å bli knust i ein ny krig, og fekk dermed gå gjennom den kalde krigen med eit heilt anna politisk system enn det dei fleste landa i Sentral- og Aust-Europa gjorde. Det er vanskeleg å forstå at alternativet var betre.
Nato-spørsmålet
Opphenget i Nato er ikkje noko nytt. Heilt frå underskrivinga av Atlanterhavspakta i 1949 har alliansen vore oppfatta, med rette, som retta mot Moskva. Også på 1990-talet, altså etter at Sovjetunionen var demontert, var president Boris Jeltsin tydeleg på at Russland ville motsette seg utvidingar av Nato inn i tidlegare sovjetrepublikkar, men at ein kunne akseptere at tidlegare Warszawa-paktland vart med.
I 2008 sendte USA sin Russland-ambassadør, Willian Burns, eit telegram til Washington kor han skreiv følgjande:
Utanriksminister Lavrov understreka at Russland måtte sjå den vidare austlege utvidinga av NATO, særleg til Ukraina og Georgia, som ein potensiell militær trussel. Sjølv om Russland kunne tru på utsegner frå Vesten om at NATO ikkje var retta mot Russland, måtte ein, når ein såg på dei siste militære aktivitetane i NATO-land (etablering av amerikanske framskotne basar, osb.), vurdere dei ikkje ut frå erklærte intensjonar, men ut frå potensialet.(...) Mens den russiske motstanden mot den første runden av NATO-utviding på midten av 1990-talet var sterk, kjenner Russland no at dei kan svare meir kraftfullt på det dei oppfattarr som handlingar som er imot landet sine nasjonale interessar
Seinare utdjupa han det i ein e-post:
Ukraina sitt medlemskap i NATO er den klåraste av alle raude linjer for den russiske eliten (ikkje berre Putin). I mine meir enn to og eit halvt år med samtalar med sentrale russiske aktørar – frå knokedragarane i dei mørke krokane av Kreml, til Putins skarpaste liberale kritikarar – har eg enno ikkje møtt nokon som ser på Ukraina i NATO som noko anna enn ein direkte utfordring mot russiske interesser. (...) Det vil skape fruktbar grunn for russisk innblanding på Krim og i Aust-Ukraina
Den amerikanske strategen George Kennan, sjølve hovudarkitekten bak oppdemmingspolitikken mot Sovjetunionen etter 1945, kommenterte det same allereie i 1997:
[Å utvide Nato] ville vere den mest skjebnesvangre feilen i amerikansk politikk i heile perioden etter den kalde krigen. Ei slik avgjerd kan ventast å nøre opp under dei nasjonalistiske, anti-vestlege og militaristiske tendensane i russisk opinion; å ha ein negativ verknad på utviklinga av russisk demokrati; å gjenreise atmosfæren frå den kalde krigen i aust-vest-relasjonane; og å drive russisk utanrikspolitikk i retningar som heilt klart ikkje er til vår gunst.
Russland har masa om det her i alle år sidan, og spesielt etter at Nato i 2008 vedtok at "Ukraina skal bli medlem av organisasjonen". Det er derfor heilt openbert at ein fredsavtale må ha som utgangspunkt at Nato ikkje skal ekspandere til Ukraina. Alt anna vil vera fri fantasi.
Kva vil Ukraina få i avtalen?
Punkt 5 i Trump-planen er:
"Ukraina vil motta pålitelege sikkerhetsgarantiar."
I punkt 10 ("Den amerikanske garantien") blir det her presisert:
"Hvis Russland invaderer Ukraina, vil en avgjerande koordinert militær respons iverksettast, alle globale sanksjoner gjeninnførast, og alle fordelar i avtalen trekkast att"
Altså ein langt meir tydeleg garanti enn den som ligg i artikkel 5 i Atlanterhavspakta til Nato. Eit spørsmål her er kva som ligg i "koordinert". Kven andre enn USA er det tale om?
I punkt 6 blir det slått fast at dei væpna styrkane til Ukraina skal vera avgrensa til 600 000 personell. Det er langt større enn det eg har tenkt at Russland ville ha gått med på, og både større enn storleiken i 2020, eller hos dei fleste andre land. Ein sånn styrke vil kunne fungere avskrekkande, spesielt når han er kombinert med tryggleiksgarantiar frå andre statar.
Punkt 11 seier dessutan:
"Ukraina skal kunne bli medlem av EU og vil få kortsiktig, preferensiell tilgang til den europeiske marknaden mens saken vurderast."
Det her har vore ønsket til Vest-Ukraina i alle år. I praksis tyder det at størsteparten av Ukraina er politisk og økonomisk tapt for Russland.
I praksis ligg det dessutan an til at oppbygginga av Ukraina skal vera finansiert av EU og dei frosne russiske aktiva i utlandet. 100 milliardar dollar frå kvar.
Atomvåpen er også på agendaen. Ved sidan av at Ukraina må forplikte seg i å halde fram som atomvåpenfri stat, seier punkt 17 at "USA og Russland skal bli einige om å forlenge gyldigheita av traktatar om ikke-spredning og kontroll av atomvåpen, inkludert START I."
Det ER store manglar ved utkastet. Kanskje hadde det vore mogleg å nøye seg med ein de facto anerkjenning av russisk okkupasjon, og ikkje ein de jure avståing av områda, kanskje utanom Krim? Avtalen manglar dessutan eit punkt om ein fredsbevarande FN-styrke for å overvake grensa.
Eg tenker dessutan at punkt 20 i utgangspunktet er bra ("Begge land skal avskaffe diskriminerende tiltak og garantere rettighetene til ukrainske og russiske medier og utdanning. "), sjølv om det er uklart på meg kva sanksjonane vil vera om/når Russland bryt punktet. I tillegg er punktet om at "All nazistisk ideologi og aktivitet skal avvises og forbys" uklart. Russland sin definisjon av "nazisme" er så vid at ein lett kan tøye han frå Vladivostok til Kyiv. Her bør ein prøve å finne ein "mal" frå eit anna land, f.eks. i EU, som ein kan nytte som utgangspunkt.
Finlandisering anno 2025
Alt i alt tyder Trump-planen på at Ukraina vil ende i ein liknande situasjon som Finland etter 1945. Territorielle avståingar kombinert med nøytralitet er hovudkjerna. Skilnaden er først og fremst at EU-medlemskapet i praksis vil tyde på ein klarare politisk og økonomisk vending vestover enn det Finland fekk fram til 1990-talet. Slik eg ser det framstår avtalen som dårlegare enn det ukastet ein hadde i april 2022. Det kjem først og fremst av at Russland har gjort store framsteg på slagmarka, og at støtten til Ukraina i andre land synk dag for dag. Det har vore klart heile vegen at ingen er villige til å starte ein tredje verdskrig for å redde Ukraina.
At Trump-planen er dårlegare enn 2022-utkastet, tyder ikkje at ein dermed kan få noko betre med å halde krigen gåande. Tvert imot ligg det an til at ting vil bli verre og verre jo lenger ein ventar. Også her er parallellen til Finland i 1945 klar. Internasjonal politikk er tragisk. "Dei sterke gjer det dei vil, og dei svake lider det dei må", som Tukydid skreiv allereie for 2500 år sidan.
#Ukraina #Trumpplanen #fred #Finlandisering #norsktut #internasjonalpolitikk
The Dangerous, Unhinged Reaction to Trump’s Ukraine Peace Plan - The American Conservative
Russia hawks could spoil diplomacy and doom Ukrainians.Andrew Day (The American Conservative)
Ivar Espås Vangen reshared this.
Michal Jan
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Ivar Espås Vangen
in reply to Michal Jan • •Samanlikninga er nok ikkje fullgod. Finland hadde frivilig alliert seg med Nazi-Tyskland og gått til åtak mot Sovjetunionen, så sigeren til Stalin i 1945 var av ein heilt annan type enn den Russland kanskje ligg an til her.
Likskapen handlar om at ein står overfor to grusamt dårlege alternativ. Finland mista territorium, OG vart tvunge til å vera "nøytralt" (i praksis litt meir på sovjetisk side) gjennom den kalde krigen. Samstundes slapp ein unna terrorstyret som ramma dei fleste landa i Sentral- og Aust-Europa.
Trump-planen er eit langt betre tilbod enn det Finland vart stilt overfor. Eg trur at tilbodet ein får "neste gong" vil bli mykje dårlegare, rett og slett fordi krigen ikkje går spesielt bra for Ukraina. Alle dei våte draumane om eit nytt "Wunderwaffe" for å snu krigslykka, har vist seg berre å vera dét, våte draumar.