social.babb.no

Trelyttar

Kva er det?

Trelyttrar er verktøy som lar deg lytta til dei som taler i allskogen (verdsveven).

Kvart tre har ein stamme og bladar. Stammen er eit arr for kor talane kjem frå. Stammen kan til dømes vera vg, nrk eller klassekampen. Bladene er eit arr for dei som lytter til stammen. Eit blad kan berre lytta til ein stamme. Til dømes kan eit blad lytta til nrk.

Trelyttaren er eit verktøy som samler bladar, lytter til stammane gjennom dei, og finner ut korleis dei skal visas fram.

Kvifor nytta trelyttar?

Det er mange grunnar til å nytta ein trelyttar:

- Du slepper å gå til kvart rotsted.
- Flytter deg vekk frå innsnevra krinsar som Facebook, Youtube, Instagram, Reddit og så vidare.
- Styrer oss åt ein meir open allskog.


Losing til trelyttar

Det finnes mange ulike trelyttrar, og dei er tilgjengelege på alle dugekrinsar.

I denne losingen vil eg visa framgangsmåten til trelyttaren Miniflux. Grunnen til at eg har vald ut nett denne er fordi det er nøysomt, tverrkrinsa og på fellesen.

Det einaste du trenger for å koma igong med denne trelyttaren, er å få tilgang til rom. For å få eit rom er du naudd for å skriva ned eit romnamn og ein nøkkel.

Den lettaste måten å få rom på gjennom Miniflux, er ved å punga ut for verting. Siden Miniflux er nøysomt, koster dette berre 15 dollar (150 kr) i året, men du får smakstid på 15 dagar. Bankkort opplysningar trengs ikkje før slutten av smakstid. Dette vil samstundes vera med på å støtta utviklingen av Miniflux.

Andre trelyttar mogleikar er:
- TinytinyRSS (rotauge)
- Feedr (android)

## Framgangsmåte

Gå innom vevstedet under.

- miniflux.app

Gå innom **Paid Hosting** (penga verting) , **Try Miniflux for Free** (prøv Miniflux pengefritt), skriv inn rotposten din og svar på oversikt-spørsmål. Du vil få eit brev på rotposten din som lenker deg vidare til ein ny rotplass der du kan skriva ned nøkkel og romnamn. Når dette er gjort har du fått eit rom.

Gå innom lenken under.

- reader.miniflux.app/

...og skriv inn romnamn og nøkkel.

Og vipps, er du inne i ditt heilt eiga trelyttar rom!

Leggja til ditt første blad

Mens du er inne på miniflux rommet ditt, finn fram ein blogg du liker, noter adressen, gå inn på **Feeds** (Bladar) og så gå inn på **add feed** (legg til blad).

Som test kan du prøva å legga til desse bloggane.

- smolweb.org/atom.xml
- storhaugbydelsavis.no


Drifting av trelyttar Miniflux

Dersom du er bløm med verting, så kan du drifta dine eigne rom gjennom ein vevdriftar. Då kan du fritt dela ut rom til dei ynkjer.