Ny meiningsmåling i Trøndelag.
Dei fleste partia ligg an til å gjera det ganske likt som før. Høgre, og kanskje spesielt Senterpartiet får litt juling, men elles er det først og fremst "Andre" og Industri- og næringspartiet som kollapsar her.
Den verkeleg dramatiske endringa, ser ut til å vera på ytterkantane. Framstegspartiet ligg an til å auke frå 4 til 10 mandat. Ein kan tru kva ein vil, men Framstegspartiet har aldri vore spesielt sterke her i fylket.
Også Raudt ser ut til å kunne gjera det godt neste år. Valet i 2023 gjekk ikkje vegen, og partiet gjekk frå 3 til 2 representantar. Med den siste målinga kan det sjå ut som at vi går frå 2 til 5 representantar.
Resultatet blir nok eit meir delt fylkesting med skarpare frontar. Eg trur dessverre fleirtalet blir blått, mykje fordi Senterpartiet i norddelen av fylket nærmast er høgrefolk med Felleskjøpet-dress.
#trøndelag #fylkestingsval #meiningsmåling #norskpolitikk #raudt #framstegspartiet #senterpartiet
Ivar Espås Vangen reshared this.