Johan Nygaardsvold var statsminister for Arbeidarpartiet frå 1935 til 1945. Han styrte altså landet både gjennom siste halvdel av dei harde 30-åra, og gjennom den andre verdskrigen. Spør du meg er Nygaardsvold den største statsministeren vi har hatt.
Grunnlaget for Nygaardsvold-regjerings var det såkalla kriseforliket, ein avtale mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet. Etter valet i 1933 vart Arbeidarpartiet største parti, men mangla likevel fleirtal på Stortinget. Likevel vart det etter kvart klart at det var mogleg å samarbeide med Bondepartiet. Tradisjonelt hadde Bondepartiet vore eit utprega borgarleg parti, som mellom anna sette inn Quisling som forsvarsminister nokre år før. Etter 1933 endra det her seg, da det vart tydeleg at Høgre og Venstre var lite villige til å gjera noko for bøndene som sleit under krisa. Det var derimot Arbeidarpartiet under Nygaardsvold opne for, og inngikk i 1935 ein avtale med Bondepartiet, som i praksis opna for at Arbeidarpartiet skulle få støtte som regjeringsparti, imot at Arbeidarpartiet langt på veg førte Bondepartiet sin jordbrukspolitikk. Det er forliket her som mellom anna har gitt opphav til dagens norske jordbrukspolitikk, med årlege forhandlingar mellom bøndene og staten om prisar og produksjon. I praksis vart det ikkje lenger lov for enkeltbønder å underby dei andre. Den frie marknaden har sjeldan fungert godt for jordbruket.
Same år som krisefoliket vart inngått, vart også hovudavtalen mellom Arbeidarane sin internasjonale landsorganisasjon (AFL) og Norsk arbeidsgjevarforeining (NAF) inngått. Hovudavtalen påla arbeidsgjevarane å godta at fagforeiningane sine tillitsvalte kunne opptre som representantar for arbeidarane kollektivt, og fagforeiningane måtte godta at det var arbeidsgjevarane som hadde styringsrett i næringslivet. Når ein tariffavtale var inngått i ein bransje eller ein bedrift, måtte begge partar akseptere denne gjennom avtaleperioden. Streik og lockout vart dermed regulert. Det er framleis hovudavtalen som er ryggraden i den norske samarbeidsmodellen.
I tillegg innførte Nygaardsvold fleire andre viktige tiltak:
- Alderstrygd med statleg støtte
- Arbeidsløysetrygd
- Ny arbeidarvernlov med klarare vern mot usakleg oppseeing
- Nye støtteordningar for fiskarar
- Utstrakt vegbygging for å få folk i arbeid
Nygaardsvold-regjeringa innebar ikkje nokon revolusjonær endring i Noreg, slik Arbeidarpartiet hadde prinsippfesta. I staden fekk ein byrjinga på dagens norske velferdskapitalisme, kor ein lèt kapitalismen halde fram mot at ein samstundes innførte ein del reformar for å bøte på dei verste sidene ved han. Det heng nok dels saman med at Arbeidarpartiet ikkje hadde fleirtal. Nygaardsvold sjølv var klar på at sosialismen ville komma den dagen Arbeidarpartiet hadde fleirtal på Stortinget. Det heng nok også saman med at ein var nøydd til å ha ein konkret krisepolitikk for å hindre at fascistane i Nasjonal Samling skulle få støtte hos dei arbeidslause og kriseramma bønder. Ein må heller ikkje gløyme at landet var i djup krise. 40 % av LO sine medlemmar var arbeidslause i 1932, og det var berre marginalt betre da Nygaardsvold tok over. Ein måtte ha eit "minimumsprogram", og ikkje berre gjenta at sosialismen var svaret på alle problem.
Etter 1945 har det nærmast gått sport i å kritisere Nygaardsvoldregjeringa for at Noreg stod så lite førebudd da krigen kom i 1940. Her meiner eg det er rom for å nyansere. Ja, det er riktig at Forsvaret ikkje var budd på krig, og at ein hadde kutta til beinet gjennom mellomkrigstida. Men hovuddelen av ansvaret ligg ikkje på AP, men på regjeringane som satt før 1935. Frå 1937 løyva faktisk Nygaardsvold-regjeringa enorme ekstraløyvingar til militæret, nettopp fordi ein såg kva veg det gjekk. Ein må dessutan ikkje gløyme at det var økonomisk krise, og at kvar krone til militæret var ei krone ein ikkje nytta på velferd eller å få folk i produktivt arbeid.
Det største problemet mitt med Nygaardsvold-regjeringa var haldninga til borgarkrigen i Spania. Her stilte Noreg seg på same side som Frankrike og Storbritannia, og hindra aktivt støtte til den demokratiske republikken som kjempa imot, og til slutt tapte mot fascismen. Her var det eit sterkt mindretal i AP som ønska ei anna linje, men dei vart nedstemt kvar gong.
Til tross for at ein ikkje var budd på krig, landa likevel regjeringa rett da Tyskland gjekk til åtak.Ein nekta å akseptere den tyske invasjonen, og i samråd med kongen landa ein på at ein måtte velje motstand framfor kapitulasjon.Da dei norske styrkane omsider måtte gi seg 10. juni 1940, valte regjeringa å halde fram med å koordinere motstanden frå London i staden. Det redda nok mykje av æra.
For meg er historia om Nygaardsvold ein fantastisk historie. Han kom frå ein husmannsplass, hadde ingen utdanning utover folkeskolen, men var truleg ein av dei største lesarane som har vore statsminister i landet. I samtida var han respektert som ein klok og røynd politikar, også utanfor sitt eige parti. Motsett av dei fleste politikarar i dag, hadde Nygaardsvold lang erfaring med ordinær lønnsarbeid, ikkje minst frå opphaldet i Samandsstatane frå 1902 til 1907, da han jobba som jarnvegsarbeidar medan familien var att heime i Hommelvik. Da han kom heim var kofferten hans full av bøker.
Historia om Nygaardsvold er historia om ein generasjon som vart politikarar fordi dei ville kjempe for den samfunnsklassen dei sjølv kom frå. Det var ei politisk rørsle som tok trugselen frå fascismen på alvor, og smidde alliansar der det var mogleg. Arbeidarpartiet under Nygaardsvold hadde store og framsynte målsettingar, og såg på reformene som steg på vegen dit. Dagens parti manglar alt det her. Om Arbeidarpartiet ikkje børstar støv av historia si, trur eg dei vil ende som mange andre av partia i den sosialdemokratiske familien.
(Biletet tok eg sjølv medan eg venta på bussen utanfor Folkets hus i Trondheim tidlegare i dag)
#Arbeidarpartiet #mellomkrigstida #Nygaardsvold #arbeidarrørsla #historie #Trøndelag #Hommelvik #kriseforliket #hovudavtalen #norsktut #sosialisme
reshared this
(((Klefstadmyr)))
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Kjetil M. Gloppedal 🇸🇯 🚴🏻♂️ reshared this.
Ivar Espås Vangen
in reply to (((Klefstadmyr))) • •Syphilia Morgenstierne
in reply to Ivar Espås Vangen • • •