Ingen utsikt til fred i Ukraina
Eg har fleire gonger tidlegare skrive at Ukraina sine sjansar til å oppnå ein leveleg avtale har blitt dårlegare og dårlegare sidan april 2022. Ukraina har vore fullstendig avhengig av støtte utanfrå, spesielt frå Washington. For USA har krigen i Ukraina aldri vore eksistensiell, og er dermed ein krig ein i utgangspunktet ikkje vil ofre så mykje for. Russland ser det openbert annleis, noko som heile vegen har gitt Russland eskaleringsdominans. Med andre ord: det har berre vore eit spørsmål om tid før USA mista interessa for Ukraina. Amerikanarane kjenner att ein tapt krig når dei ser den. Les ein den siste forsvarsstrategien deira, erklærer dei opent at Russland ikkje er ein utfordrar til USA sin makt, og underforstått at det får vera europearane sitt problem.
Korleis er stoda for "europearane"? Her er openbert vilja større enn i USA. For Europa er Russland ein geopolitisk utfordring på ein heilt annan måte enn dei er for amerikanarane. Europa er ikkje tent med at ein får ein presedens som seier at aggresjonskrig for å endre grensene er mogleg så lenge ein er villig til å ofre nokre hundretusenar av menn.
Problemet for Europa er først og fremst kapasitet. I år 2000 utgjorde EU om lag 21 % av den globale BNPen i verda. I 2024 hadde det sokke til 14 %. Mange av dei største landa i EU har praktisk tala ikkje lenger økonomisk vekst lenger, og dessutan i ei energikrise og alvorleg politisk ustabilitet. Skal Europa kompensere for at USA trekk seg ut av Ukraina, er ein nøydd til å kutte i velferd, eller å auke skattane. Det trur eg ein skal slite med å overtyde veljarane om. Ein såg det godt i Davos forrige veke. Zelenskij fekk applaus, men ikkje stort meir.
"Men Russland tapar jo tusen mann om dagen!" ser eg folk skriv. Ja, det kan vera, sjølv om det er vanskeleg å stadfeste kva dei korrekte tala er. Problemet er at Ukraina også mistar mykje folk, og dei har langt færre å ta av enn russarane. Tendensen heilt sidan tidleg i 2023 er at Russland er på offensiven. I januar aleine erobra dei 481 kvadratkilometer med land.
No går forhandlingane i Abu Dhabi mellom Ukraina, Russland og USA. Resten av Europa er ikkje invitert. Å forhandle mens ein er på defensiven og kameratane dine prøver å komma seg unna, er inga enkel sak. Å forhandle mens ein erobrar tempo raskare og raskare, er meiningslaust. I utgangspunktet har russarane meir å tene på å halde fram med krigen og auke krava etter kvart som dei vinn fram. Slik har det vore heile vegen.
Det her er mørkt. Eg meiner som tidlegare at avtaleutkastet frå april 2022 var det beste ein kunne ha fått. "Fredsplanen" frå Trump i fjor var langt dårlegare. Eg trur det er den vegen det går. Eg håper verkeleg at forhandlingane i Abu Dhabi kan føre fram til ein våpenkvileavtale, og forhåpentlegvis også ein fredsavtale etter kvart. Om ikkje risikerer vi at russarane til slutt sluker heile Donbass, og kanskje til og med Odessa. Det er alt for risikabelt å gamble på eit "Wunderwaffe" som skal snu krigen, eller ein revolusjon som i 1917.
Ivar Espås Vangen reshared this.