Det er spennande å sjå kor godt #Raudt har gjort det dei siste månadene. Ikkje sidan perioden før Russland sin krig mot Ukraina har partiet hatt så sterke målingar over tid.
Det er fleire ting som er verdt å merke seg her:
1) Partiet har ikkje tapt oppslutning på å framstå som den mest samarbeidsvillige aktøren på det raudgrøne laget.
2) Partiet gjer det spesielt godt i grupper som partia på den radikale venstresida ikkje har vore sterke i på 50 år, nemleg dei som ifølgje valforskaren Johannes Bergh står "lavest på rangstigen". Det dreier seg om både om tradisjonelle industriarbeidarar i distriktskommunar, men ikkje minst om ufaglærte og dei som jobbar på golvet i helsesektoren, samt dei som mottar trygd. Raudt treff altså ein del grupper som har ei viss likskap med dei som ofte røyster på Framstegspartiet.
3) Partiet viser at den radikale venstresida har mykje å tene på å spisse profilen sin. I mange år var det typisk at liknande parti, inkludert Raudt sjølv, heile tida skulle meine like mykje (og sterkt) om absolutt alt. Ein greidde aldri å prioritere, så for veljarane vart det eit inntrykk av at ein sjølv også måtte "meine noko om alt" for å kunne røyste på dei. Sånn er det ikkje lenger.
4) Raudt har greidd å byggje opp ein sterk organisasjon kor lokallaga har meir makt enn det som er vanleg i andre parti. Absolutt alle lokallag har forslagsrett og representasjonsrett på landsmøte i partiet. Den "utsilinga" ein ser i andre parti, er mindre til stades i Raudt. "Grasrota" har derfor mykje makt.
5) Partiet har fleire tillits- og folkevalte som er respekterte langt utover partiet sjølv. Der kor dei færraste no greier å nemne særleg mange representantar frå SV, er fleire av Raudt sine stortingsrepresentantar som har vorte sjølvsagte autoritetar på sine felt. Eg trur det her har vore avgjerande for at partiet no jamnt over er nærmast dobbelt så store som SV.
Da eg vart med i Raudt i 2011, var det så vidt over 1500 medlemmar. Om ein gjekk på eit møte i Trondheim (kor eg budde), møtte ein dei same folka som var på møte førre gong. Dei same folka møtte også når det var fylkesårsmøte. Det var stor jubel da ein omsider fekk eit nytt lag utanfor storbyen. I dag er partiet representert i eit tosifra kommunar her i storfylket Trøndelag, med tilhøyrande lokallag med jamn aktivitet. På landsbasis er det over 15 000 medlemmar, eit tal som framleis aukar jamnt og trutt.
Det her tyder altså at partiet er heilt annleis enn da eg vart med. Den gongen var vi gjerne enten unge radikalarar, progressive intellektuelle, eller folk med fortid i ML-rørsla. I dag møter ein eit langt meir representativt utval av "det store arbeidande folket" i Noreg, for å låne eit Gerhardsen-omgrep.
Openbert fører det her med seg vaksesmerter. Det blir gnisningar og rørsle når så mange nye medlemmar kjem inn og møter det som no er eit mindretal som i årevis har vore vant med å vera i eit bittelite og yttarleggåande parti. Likevel synst eg partiet har greidd å halde på sjela si, og framleis har eit godt og radikalt program basert på den norske røyndomen. Eg trur dessutan at det er mogleg at Raudt, SV og Miljøpartiet dei grøne kan spele kvarandre gode, og ikkje vegetere på kvarandre, slik mange har vore redde for. Eg meiner dessutan oppriktig at Raudt står i ein langt betre posisjon til å stele veljarar frå Framstegspartiet enn dei to andre partia der. Det er veldig synd at så mange ålreite folk i den norske arbeidarklassen no trur tilhøva i landet blir betre med gjengen der ved rattet.
#norsktut #norskpolitikk #sosialisme #politikk #allheimen #arbeidarrørsla #venstresida
Velgerne strømmer til Rødt: – Når ut til hele landet
Rødt har tatt nesten 60.000 velgere fra to andre rødgrønne partier siden valget i fjor.frifagbevegelse.no
Ivar Espås Vangen reshared this.
Victor
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Ivar Espås Vangen
in reply to Victor • •Det kjem jo an på kva du legg i å komma "nærmare sosialisme". Eg trur ikkje ein kjem nærmare sosialisme av at eit radikalt parti gjer det bra i val. Skal ein komma nærmare sosialismen må ein få gjennomført strukturelle reformar som på grunnleggjande vis endrar styrketilhøva mellom arbeid og kapital. Det trur eg ikkje Raudt klarer, sjølv med 10-15 %. Der vil ein trenge mykje meir.
At Raudt får fleirtal aleine har eg ingen tru på. Det vil krevje ein heilt annan situasjon enn i dag.