Skip to main content


Kor vanskeleg kan det eigentleg vera å møtast "på midten" i diskusjonen om tilhøva for småbarnsforeldre og tidleg barnehagestart?

Debatten starta da KrFU-leiar, Ingrid Olina Hovland uttala til VG at det er vi lever i ein "syk kultur" fordi 84 prosent av eittåringane i Noreg går i barnehage. Hovland kunne forsikre oss om at ho sjølv aldri ville ha gjort noko sånt.

Hovland køyrer openbert klassisk Listhaug-metode her: gå hardt ut med eit upresist og provoserande utsegn; få harde og opprørte motsvar; gå inn i offerposisjon; gå så på offensiven med eit meir spissa politisk innhald.

Venstresida har ikkje vore spesielt flinke i debatten her. For det første er det jo krefter på venstresida som har kjempa for ordningar som sekstimars arbeidsdag. KrF har aldri støtta noko slikt. KrF har riktig nok støtta å forlenge fødselspermisjonen, men det gjer ikkje KrFU, kor Hovland altså er leiar.

Det mest alvorlege synst eg likevel er korleis representantar frå Arbeidarpartiet berre instinktivt reagerer med å forsvare barnehagar og arbeid. Det verkar ikkje som at ein vil forstå at tidsklemma og sakn etter ungane sine er heilt reelle problemstillingar som mange småbarnsforeldre kjenner på, utan at dei dermed må vera kristendemokratar i hovuda sine. Eg kan ikkje forstå at det ikkje kan vera ei sak for venstresida å gjera det økonomisk mogleg for fleire småbarnsforeldre å vera meir heime med ungane sine enn i dag. Problemet no er at dei med god råd allereie tar ut ulønna permisjon, mens dei andre i røynda ikkje har anna val enn å sende ungane i barnehage, og sjølv springe att til arbeid på fulltid.

Kva vil vera gode tiltak? Eg synst i utgangspunktet at kontantstøtta hadde mykje bra ved seg, men også eventuelt ordningar med redusert arbeidstid med lønnskompensasjon - helst for alle, men spesielt for dei med ansvar for små ungar. Monaleg auke i barnetrygda og ei utviding av foreldrepermisjonen vil også hjelpe.

Om ikkje venstresida tar problemstillingane her på alvor, er eg redd for at KrF kan framstå som dei gjorde på 1990-talet: som "partiet for småbarnsfamiliar". Det fortener dei faktisk ikkje. Det er dessutan berre å gløyme å få ei god familiepolitikk i møte med eit Framstegsparti på nærmare 30 prosent. Det er derfor avgjerande at venstresida har betre svar enn berre å applaudere tidleg barnehagestart og fulltidsarbeid for småbarnsfamiliar.

Det er ikkje reaksjonært å ønske seg meir tid med dei viktigaste menneska i livet sitt.

in reply to Ivar Espås Vangen

helt enig.

Prøvde å forklare debatten til en belgisk venn her om dagen og måtte jo si at jeg jo er enig i noe av det KrF sier. Ikke provokasjonen og måten det ble sagt på, men at det burde være enklere å holde barna hjemme litt lengre eller enda bedre - ha mulighet til kortere barnehagedager synnes jeg burde vært en selvfølge.

in reply to Jon

Ja, provokasjonen, og den aggressive brodden mot Arbeidarpartiet, er openbert eit kalkulert grep frå ein politikar som har gått PR-kurs hos Civita, så det tar eg ikkje eigentleg så tungt.

Da synst eg det er eit større problem at venstrekreftene i Noreg går fem på, og ikkje forstå kva slags spel Hovland la opp til. For venstresida bør "arbeidslinja" vera at folk har rett på arbeid, ikkje at velferdstenestene eine og aleine skal vera innretta på å tvinge folk ut nærmast uavhengig av kva situasjon ein står i. Å oppdra ungar er noko av det flottaste ein kan gjera som samfunnsborgar. Eg kan ikkje forstå at valfridom i noko så grunnleggjande som overgangen frå foreldrepermisjon til barnehage skal vera noko KrF har monopol på.

in reply to Ivar Espås Vangen

I 2017 gjekk det faktisk ein diskusjon i partiet Raudt om det her. Eit mindretal ønska å få partiet til å gå gå inn for å støtte ordninga med kontantstøtte. Tradisjonelt hadde partiet som andre på venstresida vore kritisk til ordninga.

Forslaget fall på landsmøtet same år, men i ettertid meiner eg faktisk mindretalet hadde rett. Argumenta deira står seg enno:

ebbawergeland.no/artikler/kont…