Skip to main content


USA sin utanriksminister, Marco Rubio, uttalar at Trump starta krigen mot Iran fordi ein visste at Israel hadde planar om å gå til krig først. Det ville unekteleg også setja amerikanske militærbasar i regionen i fare. Og dei er det som kjent mange av.

Kva kan ein lesa ut av det her? Ein mogleg tolking kan vera at det er Israel som i røynda styrer amerikansk utanrikspolitikk, som eg ser enkelte hevdar. Eg kjøper ikkje den teorien. Israel er 100 % avhengig av amerikansk støtte for å halde på slik dei gjer. Om USA set ned foten må Israel gi seg. Det har skjedd mange gonger tidlegare. Det hjelper ikkje å vera proppa full med atomvåpen om Uncle Sam kuttar autotrekket i nettbanken.

Trump-administrasjonen ville openbert ikkje dèt. Mange av Trump sine kjerneveljarar vil aldri røyste på partiet hans igjen dersom det viser seg at han "sviktar" Israel. Det her dreier seg i første rekke om evangeliske kristne. Rubio si fråsegn tener derfor to funksjonar på same tid:

1) Å vise at USA "står med Israel".

2) Å skyve ansvaret for krigen bort frå Trump-administrasjonen, og dermed prøve å oppretthalde løgnen om Trump som "fredspresidenten".

Det kan sjå ut til at Trump-regimet har feilvurdert amerikanarane den her gongen. Det her er ikkje 2002, så krigspropagandaen har ikkje lenger same effekt. Alt som har komme frå administrasjonen den siste veka legg til grunn at amerikanarane er komplette idiotar. Det er dei heldigvis ikkje, og det sleier å straffe seg for leiarar som i fullt alvor meiner at dei styrer over tomsingar som trur på kvar ei løgn dei får servert. (At eit FLEIRTAL av amerikanarane no er meir sympatiske til Palestina enn Israel, kan også fort bli eit problem for styresmaktene.)

Utfordringa her ligg i Kongressen. Demokratane står på ingen måte samla i motstanden mot krigen, og Republikanarane er så lojale til Føraren sin at ein ikkje kan vente seg mykje fredsaktivisme her heller akkurat. Eg har derfor ingen tru på at Kongressen kjem til å stikke kjepper i hjula her. Det ville krevja eit demokratisk sinnelag og respekt for grunnlova som er fullstendig passé i dagens USA. Sånt tok ein livet av med 9/11.

Det her kan gå frykteleg gale.

#norsktut #iran #internasjonalpolitikk #fred #trump #imperialisme

reshared this

in reply to Ivar Espås Vangen

Eg har sett eit par youtube shorts frå Timothy Sneider kor han analyserer seg fram til at formålet til Trump med å gå til krig, er å distrahere fokuset bort frå innanrikspolitikk.
Eg trur det er med i berekninga.
in reply to Guro

@Guro det trur eg du (og ham) har heilt rett i. Men der trur eg kanskje Trump har bomma denne gongen. Amerikanarane er ikkje like krigslystne som før.
@Guro