Atombombene over Japan - eit brotsverk mot menneskeslekta


Eg er mektig lei av å sjå at folk framleis trur at atombombene over Japan i 1945 var naudsynte for å avslutte krigen. Eg meiner tvert imot at bombinga var fullstendig illegitime, og klare brotsverk mot menneskeslekta. Det einaste dei tente til, var at USA fekk diktere utviklinga i Japan etter 1945 aleine, og at dei tydeleg markerte for Sovjetsamveldet kva dei no var i stand til å gjera.

Denne teksten er i hovudsak basert på kapitlet "The Bomb: The Tragedy of a small man" i boka The Untold History of the United States, av filmskaparen Oliver Stone, og historikaren Pete Kuznik. Omsetjingane får stå for mi rekning.

Vilkårslaus kapitulasjon

Den 7. mai 1945 overgav Nazi-Tyskland seg utan vilkår til dei allierte. Under Jalta-konferansen i februar same år, hadde Josef Stalin gått med på at Sovjetsamveldet skulle erklære krig mot Japan tre månader etter ein tysk kapitulasjon. Det tydde at Japan, den sjuande august, ikkje berre måtte halde stand mot USA, men også Sovjetsamveldet.

Militært var Japan langt på veg knekt allereie. Ved juletider 1944 hadde dei mista sju av tolv slagskip, 19 av 25 hangarskip. 103 av 160 ubåtar, 31 av 47 kryssarar, og 118 av dei 158 jagarane sine. Luftvåpenet var i praksis knust, jarnvegen låg i ruinar, og store delar av keisarriket var herja av svolt.

Prins Fumimaro Konoe, som hadde tent som statsminister i tre periodar mellom 1937 og 1941, sendte i februar 1945 eit notat til keisar Hirohito:

Det smertar meg å seie at Japans nederlag er uunngåeleg. (...) Det vi må uroe oss for, er ein kommunistisk revolusjon som kan komma i samband med eit nederlag.

Korfor var japanarane så nølande med å gi seg? Det kan henge saman med Roosevelt sitt krav om "vilkårslaus kapitulasjon", som han erklærte første gong i Casablanca i 1943. For japanarane vart "vilkårslaus kapitulasjon" tolka som at heile keisarsystemet ville bli avvikla, og at keisaren sjølv kunne risikere å bli stilt for ein krigsforbrytardomstol. I administrasjonen til president Truman, som hadde tatt over som president da Roosevelt døydde i april 1945, var det fleire som råda presidenten til å endre på vilkåra for fred, nettopp fordi ein frykta at dei tvert imot gjorde at japanarane kjempa hardere, sjølv om dei forstod at nederlaget kom til å komma. Truman frykta derimot at eit slikt tilbaketog ville bli tolka som veikskap, noko han som ny president ikkje hadde råd til. Kravet om vilkårslaus kapitulasjon vart derfor uendra.

Japanarane trudde i det lengste at det her var mogleg å endre. I mai 1945 møttast Det øvste krigsrådet, som bestod av statsministeren, utanriksministeren, hærministeren, generalstabssjefen, marineministeren, og øvstkommanderande for marinen. Dei vedtok at landet måtte prøve å få Sovjetsamveldet, som framleis offisielt var nøytrale, til å presse amerikanarane til å endre vilkåra sine. Som motyting skulle sovjetarane få territorielle konsesjonar. Keisaren gav uttrykk for å støtte ein snarast mogleg tilbakevending til fred.

Det underlege var at det her var godt kjent også i Sambandsstatane. I tillegg til at amerikanarane ofte snappa opp meldingane det japanske leiarskapet sendte seg imellom, mottok også Det kvite huset hint om mogleg overgjeving frå Japan, så lenge dei fekk garantiar om at keisaren ville bli sitjande. Truman sjølv omtala til og med eitt av telegramma som "telegrammet kor keisaren ber om fred".

Frykt for Sovjetsamveldet

Å endre krava for kapitulasjonen var uansett ikkje det einaste amerikanarane kunne ha gjort. Det Japan frykta over alt på jord, var at Sovjetunionen skulle gå inn i krigen. Japanarane visste ikkje at dette allereie var avtalt mellom dei allierte. Eit møte i den japanske generalstaben 11. april 1945 konkluderte slik:

Om Sovjetsamveldet på noko tidspunkt går inn i krigen, vil alle japanarar innsjå at eit fullstendig nederlag vil vera uunngåeleg

I mai drog det øvste krigsrådet same konklusjon:

På det noverande tidspunktet, når Japan kjempar ein kamp på liv og daud mot Sambandsstatane og Storbritannia, vil ein sovjetisk tiltreding i krigen fungere som eit daudsstøyt mot keisarriket.

Amerikanarane var fullstendig klar over det same.. Den 6. juli 1945 overleverte Den kombinerte etterretningskomitéen ein rapport på situasjonen til "fienden". Der konkluderte dei med at "ein sovjetisk inntreding i krigen vil endeleg overtyde japanarane om at det totale nederlaget er uunngåeleg".

Ein krig mot sivilfolket

Den amerikanske krigføringa mot japanske sivile var nådelaus. Natta mellom 9ende og 10ende mars 1945 flaug 334 amerikanske bombefly, tungt lasta med brannbomber, over Tokyo. 100 000 menneske døydde som følgje av bombinga, og fleire titusenar vart lemlesta og skada. Ei liknande behandling fekk også byen Toyama, kor øydelegginga var på 99,5 prosent, noko som førte til at krigsminister Henry Stimson poengterte til Truman at han "ikkje vil at USA skal få rykte på seg for å overgå Hitler i illgjerningar".

President Truman gav aldri nokon konkret ordre om å nytte atombomba på eit bestemt tidspunkt. Den 25. juli godkjente han berre ei ordre om at bomba skulle bli brukt "så fort etter 3. august som vêret tillèt". Det er verdt å merke at ordren vart signert før japanarane hadde avslått Potsdam-erklæringa, og ikkje etter, slik Truman hevda. Det er også verdt å merke at Truman ikkje inviterte Stalin til å signere Potstam-erklæringa, sjølv om Stalin sjølv openbert hadde tenkt til å gjera det; han hadde til og med sin eigen kopi på sluttmøtet. Og merk: Ein signatur frå Stalin ville ha gjort det openbert for japanarane at Sovjetsamveldethadde tenkt å bli med krigen. Under Potstam-konferansen hadde Stalin sagt at Sovjetsamveldet i utgangspunktet først var klare til å angripe Japan midtvegs i august, men gav ordre til generalane sine om å framskynde invasjonen med eit par veker.

Den 6. august slapp amerikanarane likevel bomba over Hiroshima, kor 300 000 sivile, 43 000 soldatar, 45 000 koreanske slavearbeidarar, og fleire tusen japansk-amerikanarar, kor dei fleste var ungane til japansk-amerikanarar internert i USA, gjorde seg klare til å byrje dagen sin.

Titusenvis døydde augeblikkeleg. Innan utgangen av året var 140 000 daude. I 1950 hadde talet auka til 200 000. Berre 3 242 av dei var soldatar.

Bomba førte ikkje til nokon respons frå Japan. Tvert imot: overtydd om at det framleis var mogleg, prøvde dei på nytt å få eit svar frå sovjetarane. Og svaret kom: tidleg om morgonen 9. august kom det meldingar om at sovjetiske styrkar gjekk til åtak mot japanske posisjonar i både Mandsjuria, Korea, Sakhalin og på Kurilene. Motstanden nærmast fordampa i møte med dei framrykkande invasjonsstyrkane. "Det vi har frykta, har endeleg skjedd", svarte statsminister Suzuki da han fekk høyre dei vonde nyhenda.

Før japanarane fekk tid til å reagere på den sovjetiske invasjonen slapp amerikanarane, berre nokre timar etter, ein ny atombombe, denne gongen over byen Nagasaki. 40 000 menneske døydde tvert, inkludert 250 soldatar.70 000 var daude innan året var over, og 140 000 hadde mista livet fem år seinare.

Frykt for Sovjet - ikkje for bomba

Kva tenkte dei japanske leiarane om det som skjedde? Det er openbert ikkje mogleg å vita alt, men kjeldematerialet peikar tydeleg mot at det var den sovjetiske invasjonen, og ikkje dei amerikanske atomvåpena. som prega dei mest. Statsminister Suzuki var tydeleg:

Vi må overgi oss tvert, elles vil Sovjetsamveldet ikkje berre ta Mandsjuria, Korea, Karafuto, men også Hokkaido. Det vil øydeleggja heile grunnlaget for Japan. Vi må avslutte krigen mens vi kan forhandle med amerikanarane.

Det var nok ei realistisk vurdering, gitt dei sovjetiske måla, men også korleis dei hadde behandla andre statar dei hadde "frigjort". Assisterande generalstabssjef, Torashiro Kawabe, forklarte:

Det var berre gradvis at dei gruvsame øydeleggingane i Hiroshima vart gjort kjende. (...) Til samanlikninga var den sovjetiske invasjonen eit sjokk da den omsider kom. Rapportar som nådde Tokyo skildra russarane som "invaderande i sverm". Det sjokkerte oss enno meir fordi vi hadde vore redde så lenge for at "den enorme Raudehæren i Europa no blir snudd mot oss"

Admiral Toyoda sa seg samd: "Eg meiner det var den russiske inntredinga i krigen mot Japan, meir enn atombombene, gjorde mest for å framskynde overgjevinga".

Ein studie gjennomført av det amerikanske Krigsdepartementet (som det heitte) kom til den same konklusjonen, og fant hos japanarane "lite omtale (...) av bruken av atombombene frå USA si side, i diskusjonane som leia opp til (...) åtgjerda (...) det [er] nesten heilt sikkert at japanarane ville ha kapitulert da russarane gjekk inn i krigen".

For oss kan det verke rart kor lita rolle japanarane ville gi atombombene. Da er det viktig å hugse på at nesten alle større japanske byar allereie låg i ruinar på det tidspunktet, og at 140 000 daude i Hiroshima ikkje umiddelbart framstod som så valdsamt mykje verre enn 100 000 daude i Tokyo. Ein sovjetisk invasjon var derimot noko heilt anna. Den japanske leiinga var godt kjent med korleis Stalin ville gå fram, dersom landet deira vart hærtatt av Raudehæren.

Det dessutan ei lagnadstung ironi over kva som vart resultatet til slutt. Keisaren vart ikkje stilt for nokon domstol, og fekk sitja som keisar heilt fram til han døydde i 1989.

Eg meiner altså at det er vanskeleg å argumentere seriøst for at atombombane var naudsynte for å avslutte krigen. I beste fall kan eg gå med på at bombene var viktige for å spare amerikanske liv, og for å trygge at Japan skulle bli okkupert av Sambandsstatane, og ikkje Sovjetsamveldet.

Men var det verdt det?

#norsktut #allheimen #japan #USA #atomvåpen #historie #hiroshima #nagasaki

reshared this