Skip to main content


Vegetarmat i Edinburgh


Førre veke var eg i Edinburgh. Byen kan tilrådast på generelt grunnlag. Alt er veldig fint her.

Men: posten her skal handle om maten! Vegetarmaten, vel å merke! Eg har loggført dei to heile dagane vi hadde i sjølve Edinburgh. Kanskje er det litt inspirasjon å hente.

Dag 1:

Frukost Leo's Beanery

Skikkeleg triveleg kjellarkafé av typen det er så mange av i britiske byar. Her åt eg ein avokadobasert frukost med framifrå kaffe til. Rustikt og triveleg lokale, og skikkeleg hyggelege tilsette. Kort veg til Prince's street også.

Lønsj The Haggis Box

Ja, vegetarhaggis finst faktisk! Og det er godt! Sjølve staden her er vel ein slags teaterkafé eller noko sånt, men maten er framifrå!

MiddagSora Diana

Det er ikkje ofte at vegetarmat smakar så mykje som kjøtt. Det her var nesten som eta spare ribs. Og: restauranten er heilvegansk, om det er viktig. Strålande!

Dag 2:

FrukostHoly Cow

Ein må jo nesten ha ein slags engelsk frukost når ein er på dei britiske øyene. Det her var eit godt vegetarisk alternativ - i alle fall da eg hadde på litt ekstra salt på tofu-røra. Og dei hadde også gode kaker!


MiddagThe Auld Hoose

Kjempekoseleg pub som reklamerer å ha Edinburgs "største nachos". Vi tok den nest største varianten, og den var stor nok! Herleg pubmat!

Ivar Espås Vangen reshared this.