Det er interessant å sjå korleis Senterpartiet kritiserer budsjettet frå Ap-regjeringa frå venstre.

Med regjeringens forslag vil de med over 1,2 millioner kroner i årslønn få et skattelette på 3200 kroner i snitt i året. De med en lønn på 500.000 kroner får på sin side 1000 kroner mindre å betale i skatt.

Eg kan ikkje forstå anna enn at Arbeidarpartiet her prøver å nå dei vidgjetne "lillaveljarane", altså den veljargruppa som gjerne vekslar mellom å røyste på Ap og Høgre ved val. Eg trur den strategien er giftig for eit raudgrønt prosjekt som har fått fleirtal gjennom å love utjamning og trygging av fellesskapsbaserte velferdsordningar.

Framlegget til statsbudsjett er stusslege greier, og det er spesielt irriterande at regjeringa vil ha omkamp om nesten alle sigrane til støttepartia frå i fjor.Arbeidarpartiet styrer som om dei framleis har reint fleirtal på Stortinget. Det har dei altså ikkje. Landets mest arrogante parti har aldri heilt forstått korleis ein skal samarbeide og organisere lagoppstilling på raudgrøn side.

#Arbeidarpartiet #norskpolitikk #norsktut #Senterpartiet #statsbudsjettet2027 #skatt #allheimen

(((Klefstadmyr))) reshared this.

⇧