Camel – Moonmadness (1976)
Eg hadde det verkeleg ikkje lett da eg skulle velje ut favorittalbumet mitt frå Camel. Eg har nok høyrt mest på Breathless (1978), kor dei for alvor byrja å eksperimentere med meir radiovennleg synth-pop. Samstundes verkar det som at fansen er litt delt mellom å føretrekke Mirage (1974), eller konseptalbumet The Snow Goose (1975), og når eg sjølv sit og lyttar til dei, er det verkeleg ikkje lett å seie seg ueinig.
Likevel har eg landa på Moonmadness. Albumet ber i seg det som verkeleg utgjer Camel for meg: spennande synthmelodiar, mykje groovy rytmer, og vokal som, for å vera ærleg, ikkje imponerer nokon, men som likevel passar perfekt inn i lydbiletet. Der Mirage kanskje har dei mest ikoniske låtane, og The Snow Goose er den mest ambisiøse heilskapen, er Moonmadness albumet der Camel fann den perfekte balansen mellom det melodiske, det stemningsfulle og det progressive.
(Albumomslag © Decca Records)
Det er for eksempel umogleg å sjå for seg at nokon kan mislike det førstesporet, instrumentalen «Aristillus». Ein blir kasta rett inn i ein suggerande bassrytme, kor den mystiske synthmelodien nærmast kiler merksemda heile vegen gjennom låta. Neste låt, «Song within a song» tek ned tempoet noko, og introduserer også blåseinstrument. Ho byrjar med eit roleg parti kor ein berre vil lene seg tilbake og lukke auga, og byggjer seg opp til ein fantastisk funky synthbasert mellomspel, som for alvor demonstrerer kor god sans for melodi og låtskriving folka i bandet har. Det her må vera ein av dei beste enkeltlåtane dei har laga.
På «Chord Change» tar gitaren meir plass., Dette må dessutan vera noko av det meir gitarsolotekniske frå bandet, som elles er eit av dei mest «tilgjengelege» og minst tekniske av banda på lista her. Også på denne låta får vi høyre korleis Camel er eit like mykje «synth-solo»-, som eit gitarsolo-band.
Den neste låta, «Spirit of the water», er meir som eit mellomspel å rekne, basert på roleg piano og vokal. Det som er interessant med denne, er at vokalen er køyrt gjennom ein «Leslie»-høgtalar, som legg på ein slags vibratoeffekt på røysta til den som syng. I høvet her var det meint å «kamuflere» dårleg songrøyst, men resultatet vart uansett ein kul effekt som står perfekt i høve til stemninga i låta.
«Another Night» er ein meir «rett fram» progrock, drive av tyngre marsjerande gitarakkordar, men like fullt med den same underlege stemningsskapande atmosfæren som har lege til grunn resten av albumet. Eg får litt kjensla av å vera «rett før sisteboss» på eit eller anna eldre dataspel, faktisk. Mykje flott orgelspel er det også.
70-talsproggen blir ikkje heilt den same utan fløytespel. På «Air Born» er tempoet tatt ned att, og introen er eit flott samspel mellom fløyte og piano, før gitaren og sidan vokalen tar over. Der kor førre låt hadde «banen før sisteboss»-preg, er det her meir som at helten i forteljinga har sigra i kamp mot noko, redda nokon han har kjær, før han går ut på nye eventyr.
På «Lunar Sea» forstår vi at 1980-talet nærmar seg. Synthen i introen høyrest veldig ut som noko frå ein film derfrå. Resten av låta er likevel unekteleg 1970tals, og dessutan mykje meir jazzprega enn resten av plata, med klart oppdelte delar med kvar sin rytme, melodi og miks av instrument.
No som eg har høyrt albumet gjennom frå start til slutt (som ein bør) mens eg skreiv meldinga her, er det mykje enklare å konkludere med at det her er favorittplata mi frå Camel. Høyr ho, og høyr andre album av dei når du eventuelt går lei. Det er verkeleg ein tragedie at Camel er så mykje meir gløymt enn dei andre progrockgruppene frå 1970-talet, for her er det mykje å bli glad i for alle.
Ivar Espås Vangen reshared this.