Hello social people! 👋
I’m Gaëlle and excited to join this awesome platform and connect with people here! 🌟
A little about me:
🌱 Interests: Rowing, spending time with our little one and her daddy, and enjoying walks in nature, having a good laugh.
🎯 Why I’m here: To connect with friends and share ideas.
🐾 Fun fact: I’ve grown up and lived in four different European countries!
I’m always eager to discover new ideas for fun weekend activities with family and friends. Feel free to say hi or recommend people or groups I should follow!
Looking forward to becoming part of this community! 😊
like this
reshared this
Dei store tech-gigantane blir skumlare og skumlare. Overvaking, kommersiell krenking av personvern, algoritmar som gjer folk avhengige og steingale, og alvorleg innblanding i demokratiske val er nokre av tinga som bør få folk med eit nokolunde demokratisk sinnelag til å liggje vakne om natta. Fleire og fleire får auga opp for kor gale det faktisk står til med så å seie alle dei sosiale medie-plattformene mange av oss har vore brukarar av i fleire år.
Kva er alternativa? Det er ikkje godt å seie. Skal eit sosialt medium fungere, treng ein jo folk - og folk flest er framleis på Facebook, og/eller Instagram, Twitter/X, og liknande stadar.
Men ein stad må ein nesten byrje. Før jul oppdaga eg det som på norsk gjerne blir kalla "fødiverset" (eller "allheimen"). Det her er eit knippe ikkje-kommersielle og desentraliserte sosiale medium, som gjerne tilsvarer dei store kjente som Facebook, Instagram, Twitter, etc. I tillegg til at dei er ikkje-kommersielle, og dermed ikkje avhengig av å overvake deg eller bombardere deg med reklame, er dei heller ikkje styrt av algoritmar som manipulerer deg. Du er i større grad sjølv herre over kva du vil sjå.
Og: alle saman "pratar" med kvarandre! Det tyder altså at om du t.d. lager deg ein konto på Twitter-alternativet "Mastodon", så kan du følgje brukarar på Instagram-alternativet "Pixelfed". Ein er altså ikkje avhengig av å ha eigen brukar "over alt" om ein ikkje gidd. (Tenk på e-post: om du har "gmail" kan du sende e-post til ein som har "hotmail").
Det her er sjølvsagt å kjempe i motbakke. Eg trur tech-gigantane framleis kjem til å vera gigantar om 10 år også. Eg trur dei vil halde fram med å selje persondata til høgstbydande, blande seg inn i politikk, radikalisere folk, og å manipulere oss med kyniske algoritmar til å bruke alt for mykje av fritida vår på scrolling. MEN: eg trur det vil vera ein enorm fordel om nokre av oss prøver å byggje opp noko betre på sida. Det er faktisk ingen naturlov at storkapitalen skal eige alt sosialt liv på internett, sjølv om det er dit vi har komme no.
Derfor: bli med å gi Fødiverset ein sjanse, folkens! Alle monnar drar! 😀
like this
reshared this