social.babb.no

!Friendica Support

I just wanted to say that I think Friendica looks very noisy. There are blue popups everywhere, and it is very distracting. Most of these popups feels irrelevant. If they were more placed and colored, the experience would be a lot more delightful.

 

Blomar og blømleiken

Eit frø blir sådd, det blir vatna, og så gror det. Opp frå jorden stig ei spira med to bladar. Så kjem fleire og fleire bladar, sakte men sikkert. Til slutt blømer den fram som ei solsikka.

Nett som solsikkå er menns sinn vaksandes. Det starter med eit frø; eit frø er når noko blir vist til deg for første gong. Det kan til dømes vera å sjå på nokon som sjonglerer i parken. Gitaristen ser på alle triksene og seier til seg sjølv, "wow, det ser jo både tøft ut og umogleg ut". Eit frø skal ikkje naudsynt få dei igong, men visa til kor blømt det kan vera å få til.

Men frøet kan ikkje veksa av seg sjølv. Det er naudd for å handteras med omtanke. Når gitaristen kjem opp til sjongløren og seier "det der var utruleg tøft, eg kunne aldri greid det sjølv." Så kunne sjongløren lett ha tatt det berre som vatn, og takka for merksemden; Men her er det óg mogleg å snu samtalen til ein varme. Sjongløren smiler mildt med hodet litt på skrå og seier, "Det er jo ikkje sånn at du må bli lika god som meg for å få glede av sjongleringen då. Viss du har lyst, så elsker eg å lera bort." Sjongløren byr på to sjongleringsballar og seier med vide augo, "Har du lyst å prøva? Eg har nokre gysla lette øvingar viss du har lyst å prøva dei."

Viss dei då vel å bli med - er ikkje frøet berre sådd - men du er i ferd med å gje frøet dei krinsane det trenger for å vaksa seg større. Frøet kan leggjas på ein trygg plass. Der kor dyr ikkje ferdes. Der kor det regner passeleg. Der kor det er passandes syremengde. Den kan plantas saman med vekstar den trivest saman med. Då får veksten ein god start på livet!

Ei sjongleringsspira har blitt til!

Sjonglering, sang og dans er ulike uttrykkskap eller blømingar. Blømingen er som livet til ei bjørk, spirå er som starten av bjørkås liv. Spirå er difor byrjingå av blømingen.

Med blømingar er det ofte sånn at me gjer det - ikkje på grunn av at det gjer oss meir mat på bordet, eller husly - men heller på grunn av blømingens glede -blømleiken.

Blømleiken er kjenslå mann får gjennom å greia ein ollie på sparkebrett, greier å dansa tango, eller å sjøbada på vinterstid uten å bli iskald etterpå. Den kjem i form av ein god flyt med sjongleringen eller når me greier å teikna skyggar på ein nydeleg måte. Blømleiken er ein deilig kjensle som fyller kroppen med glød og kryskap.

Kulden

Kulden er det som trekker oss vekk frå blømleiken. Det kan gjerne koma i form av at bløming er uoppnåeleg. At spirar ikkje burde visa fram sin bløming. At du ikkje burde gjera noko du ikkje har gjort før. Det å unngå mogleiken for frøleggjing og spiring.

Nokon roper frå stuå, "Du må stoppa å spela, det er berre Vegard som greier å spela på gitar."

Eit barn skroter teikningen sin og seier: "Denne teikningen blei skikkeleg stygg."

Eg viser eit kjekt sjongleringstriks til ein fotballspelar, og den svarer "Eg har gysla dårleg koordinasjon, så eg kunne aldri greid det."

Ein ven av meg som held på å lera seg fem ball sjonglering skildra til meg at då han traff meg, så trudde han at han berre ville vera i stand til å lera seg tre ball sjonglering. Han var så overrasket over at han - ja han - kunne få til fem ballar. Når me set lokk på våre evnar kalles dette å vera ein lokkskolling. Ofte er me meir evna til å få til våre draumar enn me trur.

Me draumer gjerne om vår bløming, men me seier: "Nei, det er berre dei beste som kan gjera det, og eg er ikkje best. Faktisk er eg ganske dårleg på det meste." Me lar oss styra av den kalde and - både frå oss sjølv og andre.

Nokre vel ein livsstil der dei trekker seg vekk frå mogleiken til bløming. Til dømes kan dei velgja å bruka mykje tid på lysspel, familie, jobb, fjernsyns seriar og porno.

Det er vanleg å sjå på bløming som noko som er tidkrevandes og eit ork - orkmyten. Det kreves 10'000 timar på å bli god på noko seies det, og folk tolker det som om det er 10'000 keisamme timar med pugging og einsfaldig framgang. Det er langt frå sanningen, då blømingsgangen er ein glede i seg sjølv. Du gler deg til å plukka opp gitaren når du kjem heim. Du gler deg til å koma deg ut i parken for å sjonglera. Du gler deg til å koma til koret for å synga dine yndlings sangar.

Kampen mot kulden

Kulden er som eit lokk som presser oss ned. Det er når me gjer slepp på lokket og godtek oss sjølv som spirar at me kan koma oss på veg til blømingen.

Det å vri om kulden til varme. Det å senka terskelen for spiring. Det å muntra opp til delingsglede. Det å dela våre blømingar med kvarandre uten å rekna med noko att.

Blømleiken skjer gjennom heile blømingen, ikkje berre på slutten av ferden. Orkmyten gløymer at det skal vera ein glede å bruka tid på blømingen, sjølv i starten. Barn speler ikkje fotball til tross for at dei synes det er keisamt, dei hopper ikkje hoppetau til tross for at dei trur dei kjem til å bli verdensmestrar ein gong. Me synger ikkje songar fordi me har lyst til å opptre på konsertar. Me gjer det for blømleiken.

Me må kasta våre lokk vekk, og losa lokkskollingar til bløming.

På denne måten kan me bløma saman.

Som ein blomeeng vidunderleg.

 

Bregnar

Tenk deg ei bregna. Ei planta som står på ein stilk. Med hundre armar som strekkes ut i kvar retning oppover langs stilken. Kvar arm kilde til hundre nye armar.

Det er lett å sjå føre seg bregnå som eit uendeleg skap.

Bregnå er eit arr for uendelege skapar.

Bregnar kan koma i form av glør som bjørken eller brokkolien. Det kan óg koma i form av kroppsdelar som lungen og hjernen. Det kan koma i form av infrastrukturar som kloakken og vegnettet. Det kan koma i form av det matematiske innrammingen fraktal som mandelbrot eller Barnsley bregnå. Bregnå kan koma i form av landskap som kystlinjå eller skapet til bølgar på havet. Bregnå kan koma i form av rammeverk som anarkismen eller feminismen.

Bregnå er altså svært allsidig.

Ofte kan me sjå at fleire bregnar flettes saman til ein heilskap. I mannskroppen har me bregnane lungar, hjertet, hjernen, huden og skjelettet som flettes med kvarandre til ein heilskap. Kvar av desse styrker heilskapen, ofte på livsberandes vis. Desse kaller me for flettebregnar.

Ei flettebrenga kan koma i form av organar, infrastrukturar og kapitlar i ein fagbok.

Når eit rom er ryddig, kan me seie at det ser bregneleg ut. Dersom folket i eit samfunn lever i fred med kvarandre, kan me seie at det er bregna i samfunnet.

Bregnå er nemleg eit arr på korleis me menn kan skapa vekt i samfunnet. Det er viktig å skjøna at vekt ikkje tyder at samfunnet er rettferdig, men heller at folk veit kva dei skal kunne rekna med. Eit bregna samfunn kan til dømes godta kjempig makthamstring. Eit samfunn blir først ubregna når vekten går vekk, og at det er uklart om kva folk skal kunne rekna med.

#allheimen

 
!Friendica Support When I try to edit an event, I only get a grey screen. I'm using vivalid browser.
 
nyere eldre