Denne teksten er ei reinskriving av notatane mine frå ei innleiing historikaren Harald Berntsen heldt på eit møte i regi av LO i Trondheim 15. november 2025.
Bakgrunnen for tematikken ligg i England, kor den moderne industrikapitalismen for alvor byrja å ta form på 1700-talet. Det spesielle med kapitalismen som produksjonsform, er at han skil radikalt mellom arbeidskraft og produksjonsmidlar. Dei som produserer, er ikkje lenger knytt til produksjonsmidlane dei jobbar med, slik til dømes bøndene i mellomalderen. Under kapitalismen må arbeidsfolk selje det einaste dei har att - nemleg si eiga arbeidskraft..
Kven sel dei arbeidskrafta si til? Jo, til den nye kapitalistklassen. Kapitalistane er dei som eig produksjonsmidlar, nærmare bestemt fabrikkar, maskinar og råvarar. Med disse vil dei produserer varer for sal på ein marknad, med mål om å oppnå profitt - altså å sitja att med meir pengar enn dei hadde opphavleg.
For å gjera det, treng dei arbeidskraft. Og det her den moderne arbeidarklassen kjem inn i biletet. Gjennom å selje arbeidskrafta si for eit visst tidsrom, vil arbeidarane, gjennom arbeidsprosessen, nytte råvarane og maskinane til å produsere varar med høgare verdi enn både råvarane og slitasjen på maskinane og fabrikkane (den konstante kapitalen), og på arbeidskrafta deira (den variable kapitalen).
Det er oppdaginga av tilhøva her - utbyttinga - som er det store i Marx sitt hovudverk, Kapitalen. I motsetning til føydalismen, kor det er veldig enkelt å sjå at adelsmannen tek meirverdien av bøndene sin produksjon, trengst det vitskapleg analyse for å sjå det same under kapitalismen. Marx avslørte grunnleggjande korleis utbyttinga ikkje tok slutt med innføringa av kapitalismen, men berre tok nye former.
Arbeidskrafta er nemleg ein spesiell vare under kapitalismen. På ein side er verdien bestemt av akkurat same mekanismar som for andre varar: hoer verdt akkurat det det kostar å reprodusere ho. Samstundes er arbeidskraft også den einaste varen som kan tilføre ny verdi til andre varar. Denne innsikta er viktig.
I "kapitalismens naturtilstand" er det eit kappløp mot botnen arbeidarane imellom. Kvar enkelt arbeidar måtte "prise" seg i høve til dei andre. Dei mest attraktive arbeidarane for kapitalen var dei som gjorde same arbeid for dårlegast lønn. Tendensen var at det gjerne var meir arbeidskraft tilgjengeleg enn det var jobbar, ergo var prisen på arbeidskraft gjennomgåande låg. Den einskilde arbeidar hadde lite makt samanlikna med den einskilde kapitalist.
Allereie på 1700-talet ser ein at arbeidarane prøvde å løyse problemet her gjennom organisering. Gjernnom å etablere fagforeiningar, var det mogleg å kontrollere kor mykje arbeidskraft som var tilgjengeleg på marknaden. Om fleire arbeidarar gjekk saman om å nekte å selje arbeidskrafta si, var det mogleg å tvinge opp både lønn og tilhøva på jobben. Streiken var alltid det viktigaste våpenet, men også det å organisere arbeidsmigrasjon til område kor det var mangel på arbeidskraft. På den måten "avlasta" ein dei arbeidarane som måtte vera att der kor det framleis var overflod av arbeidskraft.
Av openberre årsaker vart fagforeiningar derfor forbode i England. Dei vart først lovlege i 1834. I Frankrike måtte dei vente heilt til 1864. I utgangspunktet var kapitalistane sine statar tent med full disiplinering av arbeidarklassen.
I Noreg kjem den første arbeidarrørsla i 1850. Under leiinga til Marcus Thrane, vaks arbeidarforeiningane, organisasjonar hovudsakleg av husmenn og handverkarar, til 30 000 medlemmar på knapt eit år frå 1850 til 1851. Det her var den desidert største arbeidarrørsla i Europa i samtida. Det er dessutan verdt å merke seg at det her ikkje var fagforeiningar, men politiske organisasjonar med politiske krav, mellom anna om betre tilhøve for husmenn, lågare importtoll på korn, og allmenn røysterett for menn. Også i Noreg slo staten ned på arbeidarrørsla, etter at eit landsmøte i 1851 vedtok å kjempe for "revolusjon", sjølv om delegatane antakeleg meinte "demonstrasjon". Thrane og fleire av leiarane vart fengsla, og etter at dei slapp ut var det lite vilje til å byggje ei ny rørsle. Tidane hadde vorte betre, og Thrane sjølv emigrerte til USA.
Frå midten på 1850-talet var kapitalismen i ei oppgangstid. På 1870-talet var det fleire handverksgrupper som etablerte fagforeiningar i Noreg, spesielt i sentrale område på Austlandet. Frå 1875 oppstod det nedgangstider, og dei fleste foreiningane gjekk i oppløysning. Vi har eitt unntak: Oslo typografiske fagforeining, som framleis eksisterer som landets eldste fagorganisasjon.
På 1880-talet tok det seg opp att, og nye fagforeiningar vart stifta rundt om i landet. I 1887 i Arendal gjekk mange av dei saman om å skipe Det norske arbeiderparti. Ein meinte at arbeidarane også måtte ha ei politisk arm, dersom ein skulle vinne fram med krava sine. I 1899 vart dessutan Arbeidernes faglige landsorganisasjon (AFL) stifta. Organisasjonen bytta namn til "LO" på 1950-talet, da det vart for grusamt for funksjonærane å vera i ein organisasjon med "arbeider" i namnet.
Medlemstala i AFL gjekk gradvis oppover.
1900: 5000 medlemmar
1905: 10 000 medlemmar
1907: 40 000 medlemmar
1920: 160 000 medlemmar
Den enorme veksta kom av at industrialiseringa for alvor skøyt fart i landet, ikkje minst i moderniseringa av treforedlingsnæringa, kjemisk, og metallurgisk industri. Den norske vasskrafta var heilt avgjerande i denne prosessen.
Det er dessutan verdt å merke seg at oppsvingen for Arbeidarpartiet først kom etter 1905. Lenge var det nemleg Venstre som hadde "monopol" på røystane til arbeidsfolk i landet. Kampen for å oppheve unionen framstod som ein samlande nasjonal kamp. Da målet vart oppnådd, kom andre kampar meir i front - ikkje minst klassespørsmål. Etter 1905 meldte fagforeining etter fagforeining seg ut av Venstre og inn i Det norske arbeiderparti.
1907 er eit anna merkeår. Det var året da verkstedoverenskomsten i verfstindustrien kom. Det her var ein avtale mellom AFL og arbeidsgjevarforeininga, NAF. Ein vart einige om landsomfattande lønns- og arbeidsvilkår for alle som jobba i verfstindustrien i heile landet. Kapitalen måtte akseptere kollektive forhandlingar med arbeidarane sine organisasjonar, mens arbeidarane måtte akseptere kapitalen sin styringsrett, og dessutan at avtalane skulle gjelde i fire år - utan forhandlingar undervegs. Avtalen her er interessant, da han er eit tydeleg uttrykk for at kapitalen ikkje lenger trur det er mogleg å knuse fagrørsla i fødselen, men heller prøver å forhandle.
Å ikkje kunne forhandle i periodar på fire år var eit tungt krav å svelgje for delar av fagrørsla. Det her tydde i praksis at ein fort ville oppleve lønnsnedgang i periodar med høg prisvekst i oppgangstid. I 1911, på eit møte i Trondheim, vart derfor "Fagopposisjonen av 1911" stifta etter initiativ frå trøndaren, Martin Tranmæl. Han hadde nemleg vore i USA i fleire år, og lært om arbeidskamp og syndikalisme av fagrørsla der. Tranmæl hadde meir tru på sterke fagforeiningar på kvar einskild bedrift, uavhengig av fag, som skulle drive klassekamp kvar einaste dag - og til slutt vera så sterke at dei kunne styre heile sjappa sjølv. Vegen til sosialismen gjekk gjennom generalstreiken, slik Tranmæl såg det.
I 1918 vann Tranmæl og fagopposisjonen til slutt fleirtal på landsmøtet i Arbeidarpartiet, mykje nok som resultat av engasjementet som fulgte Oktoberrevolusjonen i Russland året før. Ein skal ikkje undervurdere kor mykje inspirasjon den skapte hos arbeidsfolk rundt om i verda. No var også Arbeidarpartiet for "rådssosialisme" etter modell frå Sovjetunionen. I 1919 meldte partiet seg inn i Komintern - den internasjonale organisasjonen av kommunistiske parti - etablert i Moskva.
Det her var ikkje ukontroversielt. I 1921 meldte eit monaleg mindretal seg ut av partiet og skipa Norges socialdemokratiske arbeiderparti, med det gamle programmet før 1918 som grunnlag. På Arbeiderpartiet sitt landsmøte i 1923 vedtok ein å gå ut av Komintern i protest mot det ein oppfatta som overstyring frå Moskva. Mindretalet forlot møtet og etablerte Norges kommunistiske parti (NKP). Gjennom deler av 1920-talet var altså arbeidarrørsla splitta i tre ulike parti. Det einaste som sameinte dei var AFL.
Perioden her er ein svak periode for arbeidarrørsla. Etter avslutninga av den første verdskrigen i 1918 gjekk kapitalismen inn i ein ny nedgangsperiode. Arbeidsløysa var permanent høg gjennom heile mellomkrigstida. Allereie i 1923 prøvde AFL desperat å få arbeidsgjevarforeininga med på eit krafttak for støtte næringslivet i landet. To gonger vart det blankt avvist. Kapitalen kunne fint leve med nedgang, slik at arbeidarane ikkje skulle vera så kravstore.
Det gjennomgåande i perioden var at arbeidsgivarane i bransje krevja nedslag i lønna til arbeidarane sine. Ofte vart det konflikt, men staten greip typisk inn på arbeidsgivarsida med tvungen lønnsnemnd. Det prøvde ein også i 1928 da arbeidsgivarane krevja 11 % lønnsnedgang for arbeidarane. Bygningsarbeidarforeininga gjekk til streik, til trass for at arbeidsretten hadde kjent streiken ulovleg. Det endte med full siger og 0 % lønnsnedslag. Ingen regjering fram til Nygaardsvold-regjeringa frå 1935 skulle prøve seg med tvungen lønnsnemnd etter dette.
Der bygningsarbeidarstreiken i 1928 viser kva som er mogleg om ein går "tvers gjennom lov til seier" (ei strofe frå eit dikt som vart skrive til streiken), viser streiken til Hydro-arbeidarane på Herøya i 1948 korleis ein ikkje bør gå fram. Her streika arbeidarane for betre skiftarbeidstid. Dei meinte at kampen var rettferdig, og at til og med kapitalen ville tene på forslaga deira. AFL støtta ikkje streiken, men arbeidarane stod på sitt og "tok" skriftarbeidstidsordninga slik arbeidarane i landet "tok" 8-timersdagen i 1918. Dei vart dermed stevna inn for arbeidsretten, kor dei var sikre på å vinne fram. Det gjorde dei ikkje, og dei var ikkje budd i det heile på ein situasjon som den dei hadde hamna i. Krava fisla rett og slett bort.
I 1969 streika dei svenske arbeidarane i Kiruna-gruva. Som i Noreg, hadde ikkje dei svenske arbeidarane fått røysta over eit einaste tariffoppgjer sidan 1947. Streiken deira skapte enorm entusiasme i Noreg, og det vart samla inn mykje pengar. Sjølv om krava deira ikkje vart innfridd, er streiken likevel viktig som inspirasjon.
I 1970 streika arbeidarane ved NORGAS i Oslo, inspirert av Kiruna-streiken. Kravet var å betre tariffvilkåra. Også her vart streiken kjent ulovleg, og skjedde derfor i opposisjon til LO-leiinga. Han endte med delvis siger - litt høgare timeslønn. Eit faremoment ein merka seg, var kor avhengig ein vart av andre fagforeiningar i andre bransjar. Det bør ein vakte seg for. Plutseleg blir det andre enn dei streikande sjølve som "bestemmer" om ein skal gi seg eller ikkje.
I Sauda-streiken stod ein meir samla. Ingen av dei streikande brydde seg ein gong med å møte i arbeidsretten. Det endte med at retten ikkje ein gong vart sete, og streiken enda med siger. Alle krava vart innfridd.
Jaran Flaath
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Skjerm er ikke problemet, men hva som konsumeres på den.
Litt på samme måte som at ord og bilder på papir også fort blir et problem om man kun konsumerer Se & Hør et.al.
Det finnes utrolig mye konstruktivt barn (og voksne!) kan ta seg til på skjerm.
Nøkkelen er balanse, skjerming fra algoritmer og fokus på kvalitetsunderholdning.
#skjermtid
Ivar Espås Vangen
in reply to Jaran Flaath • •Skilnaden mellom papir og skjerm, er at papir ikkje hackar hjernen din for å få deg til å nytte 6 timar kvar dag på å lese Se & Hør. Det har derimot app-designarane greidd å gjera med skjerm.
Eg er også einig i at det er mykje konstruktivt ein kan gjera med skjerm. Eg har vakse opp med datamaskin, Playstation, Nintendo DS, Nintendo Wii, Xbox 360 og Game boy, og eg er glad i både film, TV-seriar, og i sosiale media.
Spørsmålet er kva slags kontroll og regulering ein har. Eg er einig med deg i at ein bør skjermast mot algoritmar og avhengnad, og spesielt ungar. Det gjer ein ikkje med å gi dei fri tilgang på iPad og/eller smarttelefon, både heime og på skolen. Det har vi prøvd i 10-15 år no, og det har jo gått usedvanleg dårleg.
Har du lese boka?
Jaran Flaath
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Jeg vil påstå Se & Hør og liknende publikasjoner kan ha samme effekten på deg som mye av rælet man mates med i sosiale medier. Poenget mitt er at det er ikke mediet (papir eller skjerm) som er problemet, men hva man konsumerer.
Så er helt klart digitale flater utformet for å kunne påvirke i mye raskere og mer effektivt enn ikke-digitale, det er helt klart.
Leste boken da den kom ut.
Jaran Flaath
in reply to Jaran Flaath • • •Jeg liker å sammenlikne det å slippe barn under 18 ut på algoritmestyrte medier og gi fri tilgang til internett generelt, som å gi 13-åringen nøkkelen til bilen, si værsågod, kjør på.
Det er en grunn til at vi begrenser hjerner som ikke er ferdig utviklede tilgang til en del aktiviteter vi vet kan være vanskelige, eller umulige å håndtere, uten skikkelig opplæring og modenhet.
At internett og algoritmestyrte medier skal være så annerledes blir mer og mer utforståelig for meg.
Ivar Espås Vangen likes this.
Ivar Espås Vangen
in reply to Jaran Flaath • •Det er kanskje mogleg å samanlikne, men eg meiner likevel det er noko grunnleggjande annleis med sladderpresse og sosiale media. Kor mange er det som sit i 5-6 timar kvar dag, år etter år og les Se & Hør? Kor mange er det som kjenner ein uimotståeleg trong fleire gonger i timen om å ta opp Se & Hør frå lomma/sekken og lese det, sjølv om ein står midt oppe i noko anna? Var det sånn at den mentale helse til millionar av folk i ei bestemt aldersgruppe raste nedover globalt etter at Se & Hør (eller liknande) kom på marknaden?
Svara på alle spørsmåla er jo openbert "ingen" eller "nei".
Når du samstundes skriv at digitale flater "helt klart" er utforma for å påverka raskare og meir effektivt enn papir, synst eg du motseier det du skriv om likskapen mellom Se & Hør og sosiale media. Om ein 13-åring les Se & Hør, vil hen truleg gi opp halvvegs uti, og gå vidare for å finne på noko anna. Ein skal ikkje ha vore mykje rundt 13-åringar dei siste åra for å sjå at dei færraste "går lei" av telefonen. Eg synst derfor det er viktig å understreke kor annleis smarttelefonen fungerer enn nærmast alt anna, også andre former for skjerm.
Men eg ser at vi er einige om det viktigaste, og eg liker samanlikninga di mellom algoritmestyrte media og bilnøkkelen til familiebilen. Eg har eigentleg mykje meir tru på kollektive aksjonar av foreldre og skole enn eg har på politiske forsøk på å innføre aldersgrenser. Er det éin ting eg har forstått, så er det at politikarar ikkje forstår internett.
Jaran Flaath
in reply to Ivar Espås Vangen • • •Sammenlikningen min med Se & Hør ville neppe stå seg i en disputas, men det er mer et forsøk på å vise at alle medier kan brukes til å formidle innhold av diskuterbar kvalitet som i aller høyeste grad kan ha en dårlig innvirkning på dem som konsumerer det.
Kommer ikke til å kjempe videre for å argumentere for denne sammenlikningen 😀
Ivar Espås Vangen likes this.
Jaran Flaath
in reply to Jaran Flaath • • •Jeg tror uansett løsningen er å begrense tilgang, og samtidig oppfordre til de adferdsmønstre man ønsker.
Barn kan fint bruke en smarttelefon fra 10-12 års alderen, men begrens den kraftig, både funksjon og tidsbruk. Snapchat og sosiale medier bør være no-go, men kanskje en Signal-gruppe kan dekke mye av behovet for å melde med venner?
Jeg har nok mindre tro på at skole og foreldre skal klare å stå i mot presset fra aktørene, jeg tror det må politiske vedtak til.
Ivar Espås Vangen likes this.
Ivar Espås Vangen
in reply to Jaran Flaath • •Eg trur vi er einige der. Ein Signal-gruppe må jo vera innanfor, tenker eg. I prinsippet er jo ikkje det så annleis enn å ha sende SMS, berre at ein kan sende til fleire på same tid.
Kva slags politiske vedtak trur du kan vera kloke? Eg møter meg sjølv i døra kvar gong eg prøver å tenke ut gode løysningar, merkar eg.