Skip to main content

Folkeretten og Venezuela


Etter den andre verdskrigen vart sigerherrane einige om å straffeforfølgje nazistane. Rettsprosessen føregikk i byen Nürnberg i Tyskland. Ei av nyvinningane her var at ein slo fast at "aggresjonsbrotsverket", altså å starte ein angrepskrig, er det mest alvorlege av alle brotsverk.

"Å starte ei angrepskrig er derfor ikkje berre eit internasjonalt brotsverk; det er det største internasjonale brotsverket, og det skil seg berre frå andre krigsbrotsverk ved at det inneheld den akkumulerte ondskapen til det heile."

Poenget her er at angrepskrigen i seg sjølv er ein føresetnad for dei fleste illgjerningane som skjer undervegs. Får ein slutt på angrepskrig, får ein dermed også slutt på mykje anna grusamt.

Da FN vart stifta i 1945 vart prinsippet her tatt med vidare. I FN-pakten, sjølve grunnlagsdokumentet for organisasjonen, blir det nemnd fleire gonger, mellom anna i artikkel 2, tredje og fjerde ledd:

3. Alle medlemmer skal bilegge sine internasjonale tvister ved fredelige midler på en slik måte at internasjonal fred, sikkerhet og rettferdighet ikke settes i fare.

4. Alle medlemmer skal i sine internasjonale forhold avholde seg fra trusler om eller bruk av væpnet makt mot noen stats territoriale integritet eller politiske uavhengighet eller på noen annen måte som er i strid med de Forente Nasjoners formål.

Valdsbruk som ikkje skjer i eksplisitt sjølvforsvar, er altså forbode i folkeretten.

Eitt unntak finst i artikkel 42:

Skulle Sikkerhetsrådet mene at de tiltak som omhandles i artikkel 41 vil bli utilstrekkelige, eller at de har vist seg utilstrekkelige, kan det treffes slike tiltak ved stridskrefter i luften, til lands og til sjøs som måtte være nødvendige for å; opprettholde eller gjenopprette internasjonal fred og sikkerhet. Slike tiltak kan innbefatte demonstrasjoner, blokade og andre operasjoner av de Forente Nasjoners medlemmers stridskrefter i luften, til lands og til sjøs.

Altså: dersom USA og Venezuela har ein konflikt gåande, kan partane melde saka inn til Tryggingsrådet i FN. Dersom meklinga ikkje verkar, er det Tryggingsrådet aleine som kan vedta maktbruk. Alt anna er per definisjon illegitimt.

Artikkel 51 slår nemleg fast at sjølvforsvar er innanfor, med nokre avgrensingar:

Intet i denne Pakt skal innskrenke den naturlige rett til individuelt eller kollektivt selvforsvar når et væpnet angrep er blitt foretatt mot et medlem av de Forente Nasjoner, inntil Sikkerhetsrådet har truffet de tiltak som er nødvendige for å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet. Tiltak som et medlem treffer under utøvelsen av denne rett til selvforsvar skal øyeblikkelig meldes til Sikkerhetsrådet og skal ikke på; noen måte innvirke på; Sikkerhetsrådets myndighet eller plikt etter denne Pakt til når som helst å treffe slike tiltak som det finner nødvendige for å opprettholde eller gjenopprette internasjonal fred og sikkerhet.

Merk at FN-pakten ikkje skil mellom "demokrati" og "diktatur". Alle statar som er medlemmar av FN, er suverene statar med nøyaktig dei same rettane. Sjølv om Russland meiner at Ukraina er eit diktatur styrt av "narkomane nazistar", har dei ingen rett til å gå til krig mot landet, med god grunn. Det same gjeld USA sine like absurde skuldingar om Maduro-regimet som "narkoterroristar".

Det finst internasjonale domstolar også. Den internasjonale domstolen (ICJ) er ei videreføring av ein domstol som vart oppretta etter den første verdskrigen. Her kan statar som er ueinige ta opp saka si dersom dei ikkje klarer å bli einige på eiga hand, og få internasjonale juristar til å fatte ein dom. Noreg aksepterte for eksempel at domstolen slo fast at Grønland var dansk, og ikkje norsk. Sverige godtok at Åland vart finsk. Dersom USA meiner at Venezuela trugar amerikansk tryggleik, er det mogleg å foreslå å ta saka til ICJ.

Ein har også ein domstol som kan dømme einskildpersonar. Dette er Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Denne domstolen har høve til å rettsforfølgje folk som har utført brotsverk mot menneskeslekta. Om USA meiner Maduro er skuldig i slikt, kan dei foreslå at ICC tar saka. USA er dessverre ikkje statspart i domstolen. Det er derimot Venezuela.

Trump si kidnapping av Maduro er openbert eit brot på folkeretten. Det er ikkje lov å nytte væpna makt mot andre statar på måten der, uansett om ein meiner ein har gode grunnar. Dette gjeld alle statar, også USA.

Ein kan godt meine at folkeretten ikkje er viktig, og uansett aldri har fungert skikkeleg. Det er trass alt mange døme på at statar har drite i reglane, og gått til krig likevel. Likevel er det ingen tvil om at felles normar og reglar har fungert disiplinerande til ein viss grad. Statane i verda har hatt midlar til å krige langt meir enn dei har gjort dei siste 80 åra. Det gjeld både små og store statar. Opner ein for ein verdsorden utan spelereglar, opner ein for ein verdsorden kor makt gir rett. Det er potensielt ein fin verdsorden for statar som USA, Russland og Kina, men ein grusam verdsorden for småstatar.

#folkeretten #FN #USA #Venezuela #ICC #ICJ #norsktut #Internasjonalpolitikk


Fem gode bøker eg las i 2025


Som bokår har 2025 vore prega av at eg i haust byrja som doktorgradsstipendiat på NTNU. Mange av bøkene eg har lese handlar derfor om temaet mitt, psykiatrihistorie.

Heldigvis har eg prøvd å finne tid også til andre slag litteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa. I tilrådingane mine forn2025 har eg prøve å finne rom for heile mangfaldet eg har vore gjennom.

1) Niels Fredrik Dahl - Fars Rygg

Det her var ganske enkelt ei så gripande og sår historie om bandet mellom fedre og søner, at det var umogleg å ikkje inkludere ho på lista. Handlinga i boka er i og for seg ganske udramatisk, men likevel synest ho å vera spekka med skjelsetjande augeblikk for hovudkarakteren, som gjennom oppveksta ved fleire høve blir overlaten til seg sjølv. Det her er romankunst på høgt nivå!

2) Ketil Raknes - Hvit makt

Eg synst Ketil Raknes er ein glimrande forfattar av bøker om politisk historie. Boka her handlar om korleis USA si historie heile vegen har vore ei tautrekking om kva landet skal vera; ein kvit etnostat, eller eit mangfaldig fleirkulturelt samfunn. Slik har det vore heilt sidan 1700-talet. MAGA-rørsla blir overtydande skildra som den logiske fortsettinga av den rasistiske reaksjonen på valet av Obama i 2008, innføringa av borgarrettar på 60-talet, og opphevinga av slaveriet på 1860-talet. Eg synst Raknes si analyse er meir treffsikker enn mange av dei som forklarer Trump først og fremst som eit uttrykk for den kvite arbeidarklassen sin klagesong.

3) Andrev Walden - Jævla menn

Det er ein kunst å kombinere humor og alvor i skjønnlitteratur. Andre Walden gir oss ei god oppvising i korleis det kan gjerast. "Jævla menn" er ei historie om ein ung gut som veks opp med ei mor som har ei vane med å finne seg ganske ubrukelege mannfolk, som ho dreg med inn i heimen. Nokre gonger er det skikkeleg artig. Andre gonger er det ganske mørkt. Det er mange ytterpunkt i boka.

4) Tor Bjørklund - Norske partier og deres velgere

Det var stortingsval i år, og fleire av resultata var ganske oppsuktsvekkande. Framstegspartiet, Raudt og MdG gjorde til dømes sine best val nokonsinne. I det offentlege ordskiftet har ein dessutan vore oppteken av kva slags veljarar som røystar på dei ulike partia. "Unge konservative menn" har vore studieobjektet framfor nokon. I boka her får ein eit grundig innblikk i den norske valforskinga. Her trur absolutt alle kan lære noko nytt.

5) Randi Rosenqvist - Mitt liv, mitt fag-: tung psykiatri

Truleg den viktigaste boka skrive om norsk psykiatri dei siste åra. Rosenqvist er ein av dei absolutte autoritetane på feltet. Boka her gir lesaren ei enkel innføring i endringane i psykiatrien dei siste tiåra, og korleis den har slått ut for dei sjukaste pasientane. I praksis har det vore ei systematisk nedbygging av tilbodet, uansett kva politisk farge styresmaktene har smykka seg med. Boka her bør vera obligatorisk om ein skal diskutere psykiatri i 2026.


Opent møte i Trondheim - Ein samtale om atomvåpenforbodet 22.10.25


Sted: Kultursenteret ISAK

Program:

18:30:
- Velkommen, presentasjon av arrangørene og litt om lokallagets virksomhet ved Bjørn Hilt, leder for Trondheim NTA

18:40:
- FN 80 år i år, hvordan går det med arbeidet for fred og nedrustning? Ved Tor Arne Alseth, regionleder FN-sambandet.

- Trondheim kommune og støtten til FNs atomvåpenforbud. ved Majen Helen Sævik, Trondheim kommune, Leder for Oppvekst og
kulturutvalget, Kristelig folkeparti.

- Spørsmål og diskusjon.

19:30
- Behovet for og status for FNs atomvåpenforbud (TPNW) i dagens urolige verden ved Mette Klouman, Nestleder i Nei til atomvåpen.

- De humanitære sidene ved FNs atomvåpenforbud ved Knut Mork Skagen, Leder for Norske leger mot atomvåpen.

- Spørsmål og diskusjon



- Eventuelle sluttkommentarer fra innlederne


Vegetarmat i Edinburgh


Førre veke var eg i Edinburgh. Byen kan tilrådast på generelt grunnlag. Alt er veldig fint her.

Men: posten her skal handle om maten! Vegetarmaten, vel å merke! Eg har loggført dei to heile dagane vi hadde i sjølve Edinburgh. Kanskje er det litt inspirasjon å hente.

Dag 1:

Frukost Leo's Beanery

Skikkeleg triveleg kjellarkafé av typen det er så mange av i britiske byar. Her åt eg ein avokadobasert frukost med framifrå kaffe til. Rustikt og triveleg lokale, og skikkeleg hyggelege tilsette. Kort veg til Prince's street også.

Lønsj The Haggis Box

Ja, vegetarhaggis finst faktisk! Og det er godt! Sjølve staden her er vel ein slags teaterkafé eller noko sånt, men maten er framifrå!

MiddagSora Diana

Det er ikkje ofte at vegetarmat smakar så mykje som kjøtt. Det her var nesten som eta spare ribs. Og: restauranten er heilvegansk, om det er viktig. Strålande!

Dag 2:

FrukostHoly Cow

Ein må jo nesten ha ein slags engelsk frukost når ein er på dei britiske øyene. Det her var eit godt vegetarisk alternativ - i alle fall da eg hadde på litt ekstra salt på tofu-røra. Og dei hadde også gode kaker!


MiddagThe Auld Hoose

Kjempekoseleg pub som reklamerer å ha Edinburgs "største nachos". Vi tok den nest største varianten, og den var stor nok! Herleg pubmat!


Om Iran og Israel


På fredag gjekk israelske fly og dronar til åtak mot ein rekke mål i Iran, både militære og sivile mål knytta til kjernefysiske installasjonar. Grunngjevinga deira var at Iran skulle ha komme "nær" å kunne utvikle atomvåpen. Iran har sjølvsagt svara med å sende missilar mot Israel. Dødstala stig time for time.

Åtaket til Israel er openbert eit klart brot på FN-pakten. Det er ikkje lov å gå til militære åtak mot land fordi dei kanskje og reint teoretisk kan utgjera ein trugsel i framtida. Med ein sånn logikk vil både Iran, og eigentleg dei fleste land i Midtausten, ha rett til å angripe både Israel og USA kvar einaste dag. Det er nettopp sånne hendingar folkeretten er til for å hindre.

Hadde Israel vore ein normal stat, hadde dei kalt inn til eit møte i Tryggingsrådet i FN. Det har trass alt vore mogleg å inngå i diplomati med Iran tidlegare. Til trass for at USA ikkje fulgte opp sin del av "atomavtalen" frå 2015 før Trump sa han opp i 2018, tyda alt på at Iran fulgte opp sine pliktar nærmast til punkt og prikke. Det hevda til og med USA sine eigne etterretningstenester. Den same etterretninga er dessutan klare på at det ikkje finst prov på at Iran jobbar for å skaffe atomvåpen i dag.

Men har ikkje Israel likevel eit poeng? Vil det vera bra om Iran får atomvåpen? Openbert ikkje. Ikkje-spredningsavtalen (1970) forpliktar faktisk alle statar som har atomvåpen å jobbe "i god tru" med tiltak for å fremme global kjernefysisk nedrusting. I Midtausten har det sidan 1970-talet vore fleire forsøk på å opprette ein atomvåpenfri sone i heile regionen. Forslaget har i første rekke vore støtta av arabiske land som Egypt, men har også fått støtte av Iran. Det er jo slett ikkje rart: ingen av landa i Midtausten har nokon interesse av eit kjernefysisk våpenkappløp.

Korfor har det ikkje blitt noko av, da? Heilt enkelt: fordi det vil tyde at USA må opne for internasjonal inspisering (og nedrusting) av Israel sine atomvåpen. Det er openbert heilt uaktuelt. Midtausten skal berre ha ein atomvåpenstat, slik Washington ser det. The New York Times skreiv faktisk ein leiarartikkel om det for nokre når sidan, kor dei tok til orde for ein slik sone, men at den sjølvsagt måtte vera avgrensa til Persiabukta, og ikkje heile Midtausten. Israel sine atomvåpen måtte trass alt vera "non-negotiable". Det oppsummerer eigentleg også politikken i Det kvite huset, berre at den offisielle linja der er at Israel sine atomvåpen "eigentleg" ikkje finst.

Kva med konvensjonelle våpen? Iran ligg på 34. plass i verda når det kjem til militært forbruk. Israel ligg som nummer 12.

Det er klarare og klarare at målet for Israel er å dra med USA inn i ein krig med Iran. Da vil det siste reelle hinderet for at Israel kan gjera akkurat som det passar seg, vera borte. Irak og Syria er øydelagt for all tenkeleg framtid, og dei fleste oljediktaturane har lagt seg på rygg for lenge sidan. Om Iran knekk saman, vil den lille avskrekkinga palestinarane har hatt å stille opp med mot israelske brotsverk vera borte.

Og det er vel heile poenget. Irans største brotsverk har sidan 1979 vore at dei ikkje let seg diktere og kontrollere. Det er grunnen til at USA og Israel har null problem med islamistiske bandittregime som Saudi-Arabia, men samstundes meine at Iran er ondskapen sjølv.

Tidlegare er det Iran som har greid å de-eskalere når Israel har leika med ilden. Det kan skje no også. Eventuelt kan det vera at Donald Trump legg til grunn at USA har meir å tene på diplomati enn på Israel sine våte draumar. Det har også skjedd før.

Spørsmålet er kor lenge europeiske land skal halde fram med å la Israel halde heile verda som gissel på måten her.


Uttalelse fra årsmøtet i Trondheim Nei til atomvåpen 25. mars 2025


Vi lever i urolige tider der faren for at atomvåpen kan bli brukt er minst like stor som under den kalde krigen. Landene som allerede har atomvåpen, bruker enorme summer på å såkalt modernisere sine våpen, og de fleste land i Europa, inklusive Norge, ruster kraftig opp. Fra NATO og resten av det militær-industrielle komplekset får vi høre det gamle forslitte mantraet om at «våpen er veien til fred».

I 2024, og ennå i 2025 har to såkalte atomvåpenstater, Russland og Israel, vært i krig, og i hvert fall en tredje, USA, i en «proxy-krig» på ukrainsk side i krigen med Russland. Storbritannia og Frankrike også i økende grad engasjert i krigen på ukrainsk side. Kina ruster opp og har for første gang atomstridshoder permanent plassert på ballistiske raketter. Nord-Korea tester stadig nye raketter, og India og Pakistan, som har nok atomvåpen til å utslette hverandre, er i permanent væpnet konflikt på
grensa i Kashmir. Atomvåpen kan bli brukt av flere enten med vilje eller ved uhell. Historien er full av eksempler på at det har vært like ved.

I dag kan det virke som om både enkelte politikere og media har en felles agenda med å alminneliggjøre atomvåpen. Det snakkes om mer deling av atomvåpen, om nye atomvåpenstater og om muligheter for begrenset bruk som om det ikke skulle være så farlig. Vi slår fast at enhver bruk av atomvåpen alltid ville bety et brudd på folkeretten og ville føre til uakseptable lidelser for sivilbefolkninger og ødeleggelser av natur og miljø.

Hva gjør Norge? Det var positivt at vi tidligere deltok som observatør på de to første
statspartsmøtene for FNs atomvåpenforbud (TPNW), og desto mer negativt at regjeringen i år valgte å fullstendig ignorere det tredje møtet i New York i begynnelsen av mars. Regjeringen er fortsatt livredde for å slutte seg til forbudsavtalen, av hensyn til våre forpliktelser i NATO som Støre og Barth Eide til stadighet og feilaktig gjentar. Det er også et poeng at Norge, som har æren av å dele ut Nobels fredspris, selvfølgelig må slutte seg til FNs atomvåpenforbud.

Norge spiller imidlertid en stort sett positiv rolle på Ikkespredningsavtalens tilsynskonferanser, bl.a. med å peke på atomvåpenstatenes forpliktelse til avrustning, men dessverre blir vi slett ikke hørt. Et annet område der Norge kan spille en rolle for den endelige avskaffelsen av atomvåpen, er med vår betydelige kompetanse når det gjelder å verifisere at avrustningen faktisk skjer. Vi håper det snart
blir bruk for den kompetansen.

Samtidig som Norge altså spiller en positiv rolle på noen områder, slutter skiftende regjeringer fullt og helt opp under NATOs atomvåpendoktrine som sier at atomvåpnene er viktige og skal beholdes, og som også innebærer at NATO kan være de første til å bruke atomvåpen mot et annet land, også land som selv ikke har atomvåpen. En slik trussel er klart i strid med folkeretten.

I juni 2024 deltok et US-airforce kommandofly som tok av fra Rygge flystasjon, på en øvelse med å overbringe utskytningskoder til en strategisk atomubåt rett utenfor norsk territorialfarvann. En slik u-båt har så mange atomvåpen om bord at det tilsvarer flere ganger alt sprengstoff som ble brukt i hele andre verdenskrig. Høytstående representanter for norske militære og myndigheter lot seg villig avbilde med et norsk flagg på dekket til atomubåten i overflatestilling.

Senere samme år deltok det norske forsvaret for første gang i Natos store årlige øvelse
i bruk av atomvåpen ved hjelp av luftstridskrefter, den såkalte Steadfast Noon øvelsen. Et stort antall fly, også norske, var på vingene i flere døgn for å øve på bruk av atomvåpen. Hendelsen med atomubåten og Steadfast Noon øvelsen betyr et nytt og farlig skritt for Norge i retning av å bli en aktiv del av USA og NATO sine atomvåpenstrategier. En foruroligende utvikling som regjeringen står bak.

Norge inngikk i 2022 en tosidig avtale med USA om å tillate fire US-amerikanske militærbaser på norsk jord der det skal være USAs lover som gjelder. To år senere vedtok stortinget å åpne for ytterligere åtte slike baser som da vil finnes i på tolv steder i Norge, herunder Ørland, Værnes og Namsen fjellanlegg. At USA har militærbaser på norsk jord, svekker klart vår mulighet til å kontrollere at det ikke stasjoneres atomvåpen der, det øker faren for at Norge kan bli dradd inn i en stormaktskonflikt, og det kan også i verste fall gjøre Trøndelag til mål for angrep med atomvåpen. Hva nå når USA åpenbart ikke lenger er til å stole på? Det kan virke som om Støre og co bokstavelig talt har sluppet en reven inn i hønsegården.

Enkelte norske politikere tar nå til ordet for at Statens pensjonsfond utland (Oljefondet), stikk i strid med tidligere retningslinjer, skal få investere åpent i selskaper som produserer atomvåpen. En nylig utgitt rapport fra ICAN viser dessverre at Oljefondet allerede har investert 43,5 milliarder kroner i syv atomvåpenselskaper, også i India. Dette er klart i strid med de etiske retningslinjene for fondet. I stedet for å gjøre dette mulig, må investeringene straks trekkes tilbake og de syv selskapene
utestenges.

Verden står i dag overfor to eksistensielle trusler; klimakrisa som truer vår eksistens i
løpet av de neste tiårene og atomvåpen som kan utslette vår sivilisasjon slik vi nå kjenner den, i løpet av en ettermiddag. Krig, opprustning og atomvåpen er enormt farlige og negative for naturen, miljøet og klimaet. Alle militære investeringer og aktiviteter må regnes med i våre nasjonale klimaregnskaper og målsettinger.

Trondheim Nei til atomvåpen oppfordrer den norske regjeringen til å:

• Slutte seg til FNs atomvåpenforbud

• Avstå fra å delta i enhver form for øvelser på og forberedelser til å bruke atomvåpen
• Arbeide mer aktivt for å endre NATOs offensive atomvåpendoktrine.
• Si opp de tosidige baseavtalene som gir USAs militære suverenitet på norsk jord og som gjør oss mindre trygge.
• Ta med militære aktiviteter og utslipp i våre nasjonale klimaregnskaper og målsettinger.
• Instruere Oljefondet om å trekke seg ut av selskaper som produserer atomvåpen

Så lenge atomvåpen finnes, vil de dessverre bli brukt før eller siden. De kan utslette oss på en ettermiddag. Atomvåpen gjør oss utrygge og er slett ikke veien til fred. Den eneste måten å forhindre at atomvåpen blir brukt igjen, er gjennom avtaler om gjensidig avrustning. Opinionen må presse på for dette. Atomvåpen er laget av mennesker og kan enkelt skrus fra hverandre av mennesker. Det er bare viljen som ennå mangler.

#neitilatomvåpen #fredsrørsla #norskpolitikk #fred #nedrusting